Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. FørstehjelpChevronRight
  4. HjerneristingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hjerneristing

Hovudskadar er dei mest alvorlege skadane vi ser i idrett. Dei kan få alvorlege konsekvensar, som funksjonshemming, eller dei kan i verste fall ende med døden. Hovudskadane utgjer mellom 2 og 18 prosent av alle idrettsskadar, men det varierer frå idrett til idrett. Unntaket er riding, der over 90 prosent av skadane gjeld hovudet.

Bakhodet til en mann med et plaster på. Foto.

Hjerneristing

Hjerne i rotasjon. Illustrasjon.
Hjerneristing kan komme av ein støyt eller ein rotasjon, eller ein kombinasjon av dei.

Hjerneristing er den vanlegaste forma for hovudskade. Tidlegare la legar avgjerande vekt på at pasienten måtte ha vore bevisstlaus rett etter at skaden skjedde, eller at han eller ho ikkje kunne hugse det som skjedde like før skaden, for at diagnosen hjerneristing kunne stillast. Dette kriteriet har ein no gått bort frå.

Ein hugseregel er at dersom ein utøvar har fått ein støyt mot hovudet, skal vedkommande ikkje gå på banen igjen om han eller ho viser det minste symptom på hjerneristing. «Er du i tvil, ta ein kvil!» Utøvarar med hjerneristing skal også haldast under oppsikt heile tida, og dei må undersøkjast av lege før dei kan begynne å trene igjen.

6 av 10 hovudskadar kan unngåast ved bruk av hjelm

Kjenneteikn på hjerneristing:

  • Skaden kjem av eit ytre slag mot hovud, ansikt, nakke eller ein annan del av kroppen slik at hovudet blir utsett for eit kraftig rykk. Det er altså ikkje berre ein direkte støyt mot hovudet som kan resultere i hjerneristing.
  • Skaden fører straks til forbigåande forstyrringar i hjernefunksjonen. Det kan gi seg utslag i symptom som hovudverk, redusert minne, redusert merksemd og dårlegare evne til å handtere informasjon.
  • Sjølv om skaden påverkar hjernefunksjonane, fører ikkje hjerneristing til synlege skadar på hjernevevet som ein vil kunne sjå ved ei CT- eller MR-undersøking.

Tilbake til idretten

Kor raskt kan ein begynne å trene og konkurrere igjen etter ei hjerneristing? Det må skje gjennom ein trinnvis prosess, der utøvaren blir hjelpt systematisk frå eitt aktivitetsnivå til det neste etter kvart som han eller ho er symptomfri på det førre nivået.

Trinna i prosessen ser slik ut:

  1. Ingen aktivitet eller trening. Utøvaren må ha full kvile. Når utøvaren er symptomfri, går han eller ho til neste nivå.
  2. Lett aerob trening, det vil seie uthaldstrening med relativt høg intensitet over lengre tid – som gåing eller ergometersykling.
  3. Idrettsspesifikk aerob trening (det vil seie uthaldstrening meint for ein bestemt idrett, for eksempel springing for ein fotballspelar eller skøyteløp for ein hockeyspelar).
  4. Spelnære øvingar utan kontakt.
  5. Trening med fullkontakt.
  6. Kamp.

Dersom utøvaren får tilbake symptom når han eller ho avanserer til eit nytt trinn, går utøvaren tilbake til det siste nivået som ikkje gav symptom. Deretter ventar utøvaren i 24 timar før han eller ho prøver seg på eit høgare nivå igjen.

Somme påstår at ein utøvar som alt har hatt ei hjerneristing, er ekstra utsett for å få ei ny. Sannsynlegvis har det meir med spelestil å gjere enn med sjølve hjerneristinga.

Les meir om SCAT2 - Diagnoseverktøy for hjernerystelser eller kortversjon av SCAT2

Filer

Filer

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter