Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. FørstehjelpChevronRight
  4. Grunnprinsippa til førstehjelparenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Grunnprinsippa til førstehjelparen

Det viktigaste førstehjelparen kan gjere, er å halde ved like livsfunksjonane til den skadde, det vil seie å sørgje for sirkulasjon i blodkretsløpet med friskt, oksygenrikt blod som blir transportert til hjernen.

Førstehjelp hjertekompresjon

Kva er viktigast?

Grunnprinsipp fram til kvalifisert personell kjem til staden:

  1. Halde ved like livsfunksjonar
  2. Hindre forverring
  3. Gi smertelindring
  4. Gi emosjonell førstehjelp

Desse fire punkta er ei oppsummering av det førstehjelparen først og fremst bør leggje vekt på. Førstehjelparen skal konsentrere seg om desse fire punkta fram til kvalifisert personell kjem til skadestaden.

Kjeda som reddar liv

Illustrasjon av kjeden som redder liv

1. Tidleg melding – for å få hjelp

Ring 113. Tidleg varsling vil sikre deg rask tilgang på profesjonell hjelp. Medisinsk nødtelefon rettleier deg i førstehjelp og avgjer kva slags hjelp som skal sendast.

Nummer 113 og illustrasjon av telefon på bilrute. foto.

2. Tidleg HLR – for å vinne tid

Personar som viser teikn på medvitsløyse, og som ikkje pustar eller pustar sjeldan og gispande, er livlause. Du må halde sirkulasjonen ved like ved å starte hjarte-lunge-redning:

Trykk 30 gonger midt på brystet til personen. Bruk strake armar. Trykk ned i ca. 5–6 cm djupn. Frekvensen er ca. 100/min.

Bøy hovudet til personen bakover, trekk kjeven fram. Blås til du ser brystet rører seg (ca. 1 sekund). Gjer dette to gonger.

Gi kontinuerleg hjarte-lunge-redning 30:2 heilt til ambulansepersonellet ber deg slutte.

Der hjartestans ikkje kjem av kveling, er brystkompresjonar ålene like effektivt dei første minutta som kombinasjonen av munn-til-munn-metoden og brystkompresjonar. Ikkje kontroller pulsen – det tek for lang tid, og usikkerheita er stor.

3. Tidleg defibrillering – for å starte hjartet

Årsaka til akutt og uventa hjartestans utanfor sjukehus er oftast akutt hjartesjukdom. I hjartet oppstår ei kortslutning som fører til ein overflatisk rytme som ikkje gir puls.

Denne rytmen må gjerast om til pulsgivande rytme ved hjelp av ein hjartestartar, ein såkalla defibrillator. Slike hjartestartarar er ofte utplasserte på kjøpesenter, hotell og i større bedrifter.

4. Tidleg medisinsk behandling – for å stabilisere

Ambulansepersonellet gir pasienten avansert behandling for å sikre luftvegane, tilføre oksygen og halde ved like sirkulasjonen. Ved teikn på hjarteinfarkt blir pasienten raskt transportert til sjukehus.

Oppgåver

  1. Kva er første trinn i grunnprinsippa til førstehjelparen, og kva betyr det? Sjå svaret
    Halde ved like livsfunksjonar. Det vil seie å prøve å halde ved like sirkulasjon i blodkretsløpet med friskt, oksygenrikt blod som blir transportert til hjernen.
  2. Kor mange minutt tek det frå ein person får hjartestans, til det er lite sannsynleg at ein klarer å redde livet hans/hennar dersom det ikkje blir sett i verk livreddande førstehjelp? Sjå svaret

    Sannsynet blir monaleg redusert for kvart minutt, og er avhengig av fleire forhold, som alder, årsak, fysikk og temperatur.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter