Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. FørstehjelpChevronRight
  4. Kva er førstehjelp?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er førstehjelp?

Den største feilen vi kan gjere, er å ikkje gjere noko! Å kunne utføre livreddande og emosjonell førstehjelp og ta ansvar på ein skadestad kan redde liv.

Personer som øver på livreddende førstehjelp. Foto.
Førstehjelpskurs: Kunnskap og øving gir tryggleik i vanskelege situasjonar.

Kva meiner vi med førstehjelp?

Kvinne tar seg av skadet mann. Foto.
Er du først på ein skadestad – gjer noko!

«Medisinsk hjelp ved akutt skade eller sykdom som kan gis av ikke-medisinsk personell uten bruk av spesialutstyr» er ein god definisjon på førstehjelp.»

Kjelde: snl.no

I situasjonar med til dømes hjarteinfarkt eller store ytre blødingar er ofte medisinsk personell, som ambulansepersonell, heilt avhengige av at dei første som kjem til skadestaden, set i verk livreddande førstehjelp inntil dei sjølve kjem til skadestaden.

Akuttmedisinsk personell seier at mange i samfunnet har god opplæring i førstehjelp, men at ein stor del av dei dessverre er redde for å gjere feil. Gjer noko! Den vanlegaste feilen er å ikkje gjere noko.

Kompetanse om livreddande førstehjelp er viktig både i det private, på arbeidsplassar og i det frivillige, som fotballklubbar og liknande.

Samfunnet tek det at ein skal hjelpe menneske i nød, svært alvorleg. I straffelova § 387 står at ein har plikt til å hjelpe den som er i synleg og overhengande fare, så framt ein kan gjere det utan fare for seg sjølv.

«Kunnskap gir tryggleik»

Med god kunnskap og øving vil du bli tryggare og lettare ta ansvar i situasjonar som krev at du gir førstehjelp. Å kunne utføre livreddande og emosjonell førstehjelp og ta ansvar på ein skadestad er viktig for alle. For serviceyrke er det heilt nødvendig – det kan oppstå situasjonar i bussen, på hotellet, på kjøpesenteret og så vidare som krev rask handling medan vi ventar på medisinsk personell.

Tenk over

Blir ein livlaus person liggjande i romtemperatur i 5–8 minutt utan hjelp, vil pasienten mest sannsynleg døy. Kor lang utrykkingstid er det frå næraste ambulansesentral til skolen eller arbeidsplassen din?

Nokre nyttige lenkjer

Hugselappen

  • Førstehjelp er den første hjelpa som alle kan gi når det oppstår ein akutt sjukdom eller skade.
  • Kompetanse i førstehjelp kan du trenge når du minst ventar det.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter