Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. FørstehjelpChevronRight
  4. Framandlekamar i luftveganeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Framandlekamar i luftvegane

Når vi set fast noko i halsen, må vi få det ut for at vi skal få puste. Hosting er mest effektivt, men somme gonger trengst det hjelp av andre.

Ein mann dunkar ei kvinne i ryggen. Foto.

Noko fast i halsen – kva gjer vi?

Det er viktig å skilje situasjonar med framandlekam i luftvegane frå til dømes medvitstap, hjartestans, krampeanfall og andre tilstandar som også kan gi plutselege pustevanskar. Dersom pasienten er vaken, spør derfor straks om han/ho held på å bli kvelt.

Les om Norsk Resuscitasjonsråds retningslinjer for fremmedlegeme i luftvegane, 2010 (pdf)

  1. Så lenge pasienten sjølv klarer å trekkje luft ned, er hosting mest effektivt. Dersom pasienten klarer å hoste, er det tilrådd å oppmuntre pasienten til å halde fram med å hoste.
  2. Dersom luftvegane er heilt blokkerte og pasienten framleis er vaken:

    - Vaksne og barn over eitt år: Veksle mellom å gi fem slag midt mellom skulderblada og fem harde, raske støytar øvst i magen, mellom nedste ribbein og navlen, opp mot mellomgolvet (bukstøyt-manøver). Viss mogleg: Hald hovudet lågt eller la pasienten bøye seg framover.

    - Barn under eitt år: Veksle mellom å gi fem slag midt mellom skulderblada og fem brystkompresjonar. Hald barnet med hovudet lågt over kneet ditt. Hald éi hand på ryggen og éi under brystet og magen til barnet når du snur det for å veksle mellom ryggslag og brystkompresjonar.

    Mann utfører bukstøt på kvinne. Foto.
    «Bukstøt-manøver».
  3. Dersom pasienten blir medvitslaus, er det brystkompresjonar som gir størst auke i luftvegstrykket nedanfor framandlekamen. Tilkall hjelp (ring 113) og start straks standard HLR (30:2) med eit enkelt tillegg: Sjå etter framandlekamen i munnen før kvar serie med to innblåsingar. Dersom du ser framandlekamen inne i munnen eller øvst i luftrøyret, legg hovudet forsiktig til sida og ver forsiktig når du tek ut framandlekamen, så det ikkje dett ned i halsen igjen eller blir trykt lenger ned i halsen.

Følg med!

På restaurantar og i det private er det ofte slik at personar som får ein framandlekam i halsen, går på toalettet for ikkje å forstyrre andre. Følg derfor etter personar som «set noko i halsen», dersom dei går frå bordet. Sjølv om personen tilsynelatande løyser dette sjølv, kan situasjonen raskt forverre seg og gå over til å bli livstruande.

Oppgåver

Kva er den mest effektive måten å få opp ein framandlekam frå halsen på, dersom pasienten er vaken? Se svar

Få pasienten til å hoste.

Korleis utføre livreddande førstehjelp på eit barn under eitt år, dersom luftvegane er blokkerte, men pasienten er medviten? Se svar

Veksle mellom å gi fem slag midt mellom skulderblada og fem brystkompresjonar. Hald barnet med hovudet lågt over kneet ditt. Hald éi hand på ryggen og éi under brystet og magen til barnet når du snur det for å veksle mellom ryggslag og brystkompresjonar.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter