1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
  5. Barn som treng ekstra omsorgChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barn som treng ekstra omsorg

Som barne- og ungdomsarbeidar møter du mange barn og unge som treng omsorg og vaksne som ser dei. Nokon barn treng ekstra omsorg.

Jente som holder to voksne i hendene. Foto.

Det er mange årsaker til at barn treng ekstra merksemd og omsorg frå deg. Det kan vere

  • at familiemedlemmer er sjuke,
  • at nokon dei er glade i, har døydd,
  • at dei har vore på flukt,
  • at dei har opplevd traumatiske ting,
  • at dei nettopp har flytta til staden,
  • at dei har kjærleikssorg,
  • at dei blir utsette for omsorgssvikt,
  • at dei blir mobba,
  • at dei eller foreldra har rusproblem.

Somme barn treng ekstra omsorg over ein lang periode. Andre barn treng berre ekstra omsorg over ein kortare periode.

bildet viser tre barn, et gråtende og en voksen

Det kan vere vanskeleg å vite om eit barn har det vanskeleg. Nokre prøver å skjule problema dei har, eller dei veit ikkje korleis dei skal uttrykkje seg. Som barne- og ungdomsarbeidar må du difor vere ekstra merksam mot kvart enkelt barn, slik at du kan fange opp dei signala det sender.

Utfordringar til deg

  1. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om omsorg, omsorgssvikt og urovekkjande forhold?
  2. Diskuter kompetansemåla i klassen. Kva er urovekkjande forhold når du jobbar med barn og unge?
  3. Bruk bileta på sida som inspirasjon til å skrive ein tekst om barn som treng ekstra omsorg.

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter