Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barn som har vore på flukt

For flyktningar er det svært sjeldan mogleg å planleggje reisa. Dei blir tvinga av garde på grunn av ei svært akutt krise som ikkje tillèt at dei legg personlege planar, får sagt farvel til venner og kjære eller får pakka. Mange flyktningar har opplevd alvorlege traume, ikkje minst dei som har vore utsette for tortur.

Barn ved et gjerne. Foto.

Vonde opplevingar

Flyktningbarn og barn av asylsøkjarar har ofte mange vonde opplevingar og inntrykk med seg når dei kjem til Noreg. Mange har opplevd forferdelege ting, og barn på flukt er ofte svært utsette for overgrep og vald. Desse barna har auka risiko for å utvikle psykiske lidingar.

Kva for konsekvensar flukta får for barnet og livet i Noreg, heng saman med ei rekkje forhold:

  • blant anna kor gammalt barnet er
  • kven barnet flykta saman med
  • kva det har opplevd før og under flukta
  • korleis det blir teke imot i det nye miljøet sitt
  • korleis den psykiske og fysiske helsa til barnet er

I tillegg må dei i mange tilfelle leve med saknet av familiemedlemmer og venner og kanskje òg leve i uvisse om korleis resten av familien har det. Dette kan prege barna sterkt.

Det kan av og til vere vanskeleg å sjå korleis eit barn eigentleg har det, og om det er prega av vanskelege reaksjonar som følgje av traumatiske opplevingar.

Fagarbeidaren

Barne- og ungdomsarbeidaren må vere merksam på åtferd, handlingar eller reaksjonar som kan indikere at barnet har vanskar med å handtere erfaringar og opplevingar på ein god måte.

Difor er det viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar er merksam på teikn som kan tyde på at barn eller ungdom har det vanskeleg: Frykt og redsle, gråt, søvnforstyrringar og mareritt, sinne, sakn, generell motløyse, isolasjon og konsentrasjonsvanskar er alle vanlege åtferdstrekk hos barn i ein vanskeleg livsfase.

Å vere i eit framandt land der både kultur, språk, reglar, lovar, skikkar, mat, klima og mentalitet er nytt og annleis, er ofte svært vanskeleg, ikkje berre for barn, men òg for vaksne. Usikkerheita omkring framtida og opplevingane frå fortida kan gjere tilpassinga i det nye landet til ein lang og vanskeleg prosess for familien.

Det å late seg integrere i eit nytt land og eit nytt samfunn krev innsats og overskot frå familien. Både barna og familien treng tid i integreringsprosessen, og dei treng støtte og omsorg for å tilpasse seg på best mogleg måte.

Ofte er språkbarrierar til hinder for kommunikasjonen mellom barne- og ungdomsarbeidaren på den eine sida og barnet og familien på den andre. Men det er viktig at det ikkje fører til at kommunikasjonen og samhandlinga stoppar opp.

Barn som blir inkluderte og får høve til å leike og delta i aktivitetar i fellesskap med andre barn, vil ofte lære seg eit nytt språk relativt fort. Det er viktig at språkutfordringar ikkje blir brukte som argument for ikkje å inkludere barna i leik eller aktivitetar på skulen eller i barnehagen.

Ekstra bistand

Du må òg vere budd på å måtte hjelpe familien med spørsmål og utfordringar som du ikkje nødvendigvis har føresetnader for å ta deg av: Kvar kan ein få seg jobb? Kvar er det fint å bu? Trur du at familien får opphaldsløyve i Noreg? Det kan hende at du er eit menneske dei har tillit til, og kanskje er du òg ein av dei få dei kjenner i Noreg. Prøv å hjelpe der du kan, men ikkje ver redd for å seie at du ikkje veit, eller at du er usikker. Det viktigaste er at du er ærleg mot dei du skal hjelpe.

Prøv òg å leggje til rette for at barna skal få ta vare på sitt eige særpreg og sin eigen kulturarv. Lat dei snakke om heimlandet dersom dei har lyst: om skikkar og mat, musikk, dans, natur og andre ting som dei synest det er kjekt å snakke om. Ofte vil òg foreldra setje pris på dette, for mange familiar fryktar at barna skal gløyme heimlandet.

Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du heile tida tenkjer på kva for erfaringsbakgrunn barna har. I møte med desse barna må du vise innsikt i bakgrunnen deira og forståing for korleis han kan prege åtferda deira.

Det er viktig å vinne tilliten til barnet og å sørgje for at det veit at den vaksne er støttande og ærleg. I nokre tilfelle treng du ekstra rettleiing frå kollegaer eller andre fagfolk, som psykologar, legar eller spesialpedagogar. Dersom du er i tvil eller synest noko er vanskeleg, kan du ta kontakt med den overordna på arbeidsplassen din.

Å ha barn med ulik kulturbakgrunn er ofte ein ressurs for ein barnehage eller ein skule.

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter