Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barn av psykisk sjuke foreldre

Det er vanskeleg å gi eit presist tal på kor mange barn i Noreg som veks opp i heimar med foreldre som slit med psykiske lidingar. Foreldre med psykiske lidingar er like glade i barna sine som andre foreldre, men i periodar er dei så sjuke at det kan vere vanskeleg for dei å gi barna god omsorg.

Dame og barn. Foto.

Når vi snakkar om psykisk sjukdom eller lidingar, kan det vere alt frå lettare depresjonar eller generell motløyse til svært alvorlege psykosar der vedkommande mistar verkelegheitsoppfatninga og kontakten med omverda. I slike tilfelle trengst det som regel profesjonell hjelp, medikament og eventuelt innlegging. Grunnane til psykiske lidingar kan vere mange, men dei heng ofte saman med vanskelege eller traumatiske opplevingar. Omtrent halvparten av oss vil i løpet av livet få psykiske problem i større eller mindre grad.

Barn og unge som er pårørande

Barn som veks opp i ein heim der ein eller begge foreldra er psykisk sjuke, reagerer forskjellig. Nokre går inn i roller der dei passar på foreldra sine i kvardagen og tek på seg ei vaksenrolle altfor tidleg. Andre vel å flykte frå problema og oppheld seg mykje borte frå heimen.

Barn og unge som er pårørande til psykisk sjuke foreldre, er ei risikogruppe når det gjeld å utvikle psykiske lidingar, sidan dei ofte er overlatne til seg sjølve utan gode vaksenmodellar. Det å vere sårbar for å utvikle psykiske lidingar kan i nokre tilfelle vere arveleg, men det er i seg sjølv ei stor psykisk påkjenning for barn og unge å vekse opp i ein heim prega av alvorleg psykisk sjukdom.

Barn av foreldre med psykiske lidingar kan òg kjenne skam og skuld. Skam på grunn av åtferda eller veremåten til foreldra, og skuld fordi dei trur det er noko dei gjer, som er årsaka til at foreldra har det vondt. Barna er òg ofte i situasjonar der behova deira blir nedprioriterte. Det kan for eksempel vere vanskeleg å invitere klassekameratar med seg heim dersom mor eller far har ein dårleg periode.

Barna er ofte prega av at dei bekymrar seg for spørsmål som dette:

  • Når blir mamma eller pappa dårleg igjen?
  • Blir han eller ho aldri frisk?
  • Når kjem neste utbrot?

Motløyse, forvirring, isolasjon, uvisse og redsle er alle naturlege kjensler og reaksjonar for barn under slike vanskelege omstende.

Det er òg mange barn som klarer seg fint trass i vanskelege oppvekstvilkår. Forsking viser at barn av psykisk sjuke foreldre som klarer seg godt, gjerne har følgjande kjenneteikn:

  • Dei er kjærlege og empatiske.
  • Dei har eit godt sjølvbilete.
  • Dei har sunne og gode fritidsinteresser.
  • Dei har evne til å snakke for seg og setje ord på kjenslene sine.

Andre faktorar som vi veit speler ei avgjerande rolle, er kor sterkt mor eller far er prega av sjukdommen, om det er ein eller begge foreldra som er sjuke, og om det trass i sjukdommen eksisterer ein oppriktig kjærleg relasjon mellom foreldre og barn.

Det har òg mykje å seie om barnet har andre omsorgspersonar rundt seg som hjelper til med å ivareta omsorga, til dømes besteforeldre, tanter, onklar eller søsken, og om dei er del av eit støttande nærmiljø, med til dømes venner, foreldre til venner eller ein lærar.

Gode og enkle råd for omsorg til barn av psykisk sjuke foreldre:

  1. Bry deg! Ikkje ignorer eit barn som du veit har det vondt og vanskeleg.
  2. Ver tilgjengeleg, og lytt til det barnet har å fortelje.
  3. Ver til støtte og hjelp for barnet når det treng det.
  4. Søk hjelp hos andre personar eller instansar dersom du er i tvil om kva du skal gjere, til dømes kollegaer, leiaren din eller barnevernet.
  5. Ikkje ver redd for å gjere feil. Søk råd og rettleiing når du treng det.

Utfordringar til deg


  1. Kor mange barn i Noreg veks opp med psykisk sjuke foreldre?
  2. Kva for strategiar kan barn som har psykisk sjuke foreldre, velje?
  3. Kva er meint med at desse barna er ei utsett gruppe?
  4. Kva er vanlege bekymringar hos denne gruppa av barn?
  5. Kva kjenneteiknar dei barna som klarer seg godt sjølv om dei har det vanskeleg i oppveksten?
  6. Kva kan du gjere når du har mistanke om eller kjennskap til at foreldre er psykisk sjuke?
  7. Gjer deg kjend med lenkjene i lenkjesamlinga.
  8. Søk på nettet eller gå på biblioteket og finn meir fagstoff om barn med psykisk sjuke foreldre. Diskuter det de finn, i klassen.
  9. Du er barne- og ungdomsarbeidar på SFO, og der har de fredagskaffi for foreldra. Anne får aldri besøk, og du har mistanke om at foreldra er psykisk sjuke. Du ser Anne blir uroleg av arrangement der foreldra skal vere til stades. Kva kan du gjere?

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter