Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barn av rusmisbrukarar

Barn av rusmisbrukarar er ei utsett risikogruppe. Hos desse barna vil det ofte vere varierande grad av tilpassingsvanskar, både hos dei yngre og dei eldre barna.

tegning av eit barn med bamse og eit hus. tegning.

Rusmiddelavhenge

Rusmisbruk kan føre til rusmiddelavhenge. Rusmisbruk er misbruk av lovlege eller ulovlege rusmiddel. Alkohol er den største gruppa av rusmiddel som misbrukas og som går utover barn i stor grad. Rusmiddelavhenge går utover nettverket til personen både privat og på jobb slik at det er vanskeleg å utføre oppgåver i dagleglivet. Har ein ansvar for barn er dette ei vanskeleg situasjon for alle. Barna har rettigheter og skal ikkje vokse opp hos føresette som ruser seg. Til ettertanke: Kor går grensa for inntak av alkohol med barn tilstade? I kor stor grad kan alkohol være skremmande for små barn når inntaket hos føresette skjer kvar ferie, kvar julaftan, kvar hyttetur?

Heile familien vert ramma

Familiar med rusmisbruk er ofte turbulente. Dei er gjerne prega av høgt konfliktnivå, vald, skam, manglande reglar og rutinar og sosial isolasjon og einsemd. I familiar der rusmisbruken er svært alvorleg og synleg, kan familien bli oppløyst og gjenforeint mange gonger. Barnevernet kan vere inne i biletet, og ein av eller begge foreldra kan ein eller fleire gonger sone fengselsstraff.

Barna er utsatt

Barn av rusmisbrukare er ei utsatt risikogruppe. Hos desse barna vil det ofte vere varierande grad av tilpassingsvanskar, både hos dei yngre og dei eldre barna. Hos barn av rusmisbrukarar ser vi gjerne fleire typar problem i oppveksten. Typisk er åtferdsproblem, problem på skulen (konsentrasjonsvanskar eller skulk), angst, depresjonar og låg sjølvtillit. Dette kan føre til alvorlege problem seinare. Kriminalitet, eigne rusproblem og det vi kallar relasjonsproblem, altså vanskar med å inngå og oppretthalde relasjonar til andre, er ikkje uvanleg.

Ein oppvekst i eit miljø prega av rus er ofte svært uføreseieleg og vanskeleg for barn. Rusmisbrukarar er uføreseielege i humør, veremåte og handlingar. Dei forandrar seg alt ettersom dei er edru, abstinente, rusa eller i bakrus. Difor ser vi ofte at barn må ta på seg forskjellige roller avhengig av humøret og/eller tilstanden til foreldra.

Øvrig relasjonar rundt barnet

Å vekse opp i familiar der rusmisbruk er ein del av kvardagen, kan utan tvil få store og alvorlege konsekvensar for barn. Men det finst mange barn som klarer seg fint trass i vanskelege oppvekstsvilkår. Hos dei ser vi gjerne desse kjenneteikna: Dei er intelligente, dei har stor sosial kompetanse, og dei har relativt god sjølvkjensle. Dette er òg barn som ofte er flinke på forskjellige område som sport, skule, musikk eller liknande.

Vi seier gjerne at desse eigenskapane er med på å verne barnet. Det vil òg vere avgjerande om barnet har andre gode og nære relasjonar, for eksempel til besteforeldre, tanter, onklar eller søsken, og om barnet har eit støttande nærmiljø rundt seg, med venner, foreldre til venner eller ein lærar. Omfanget av rusmisbruket hos foreldra og gjerne òg typen rusmisbruk, piller, alkohol eller sprøyter, har òg mykje å seie. Ein kan på ingen måte seie at det å vere alkoholmisbrukar er betre enn å vere sprøytemisbrukar, men typen misbruk har ofte innverknad på kor godt vedkommande klarer å fungere i kvardagen.

Det finst fleire gode og enkle råd når det gjeld det å gi støtte og omsorg til barn av rusmisbrukarar:

  1. Bry deg, og gi støtte til barnet når det treng deg.
  2. Prøv å skape ein god relasjon til barnet, ein relasjon som støttar og anerkjenner det.
  3. Ver stabil og føreseieleg.
  4. Søk hjelp hos andre personar eller instansar dersom du er i tvil om kva du skal gjere, til dømes kollegaer, leiaren din eller barnevernet.
  5. Ikkje ver redd for å gjere feil. Søk råd og rettleiing når du treng det.

Utfordringar til deg

  1. Kor mange barn lever med foreldre som rusar seg?
  2. Diskuter definisjonen som blir gitt på rusmisbruk.
  3. Beskriv korleis ein oppvekst i eit miljø prega av rus ofte er.
  4. Nokre barn klarer seg bra sjølv om dei veks opp i eit vanskeleg miljø. Kva kjenneteiknar ofte desse barna?
  5. Kva skal du som barne- og ungdomsarbeidar gjere dersom du har mistanke om at eit barn lever i ein heim prega av rusmisbruk?

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter