Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Når du er uroleg for eit barn

Statistisk sett vil dei fleste av oss møte på barn og unge som er utsette for omsorgssvikt. Som barne- og ungdomsarbeidar vil du møte desse barna. Det er viktig at du har kjennskap til temaet og også veit kva du kan gjere.

Barnehagegarderobe med navn på plassene. Foto.

Omsorgsavvik kontra omsorgssvikt

Dersom du arbeider i ein barnehage og ser eit barn som er skite, har dårleg hygiene, ikkje har mat med seg, har foreldre som ikkje er engasjerte, eller har andre ting med seg som det er vanskeleg å setje fingeren på, treng det ikkje dreie seg om omsorgssvikt. Nokre gonger er det nok å ha ein samtale med foreldra, setje inn støttetiltak i familien (ein god nabo, ein støttekontakt, barnehageplass, miljøkontakt i heimen) som hjelper dei vaksne til å sjå barnet og gir dei hjelp til å bli omsorgspersonar.

Dette kan vere godt nok til at familien får igjen overskotet til å meistre kvardagen og ta vare på barna sine. Men dersom situasjonen varer ved, eller ein ikkje får respons på samtalar, bør det lyse ei varsellampe. Det hender dessverre at hjelpetiltak i heimen ikkje er nok, og då trengst det kanskje andre hjelpetiltak, for eksempel ein fosterfamilie eller hjelp i ein institusjon. Når det er best for barnet å vekse opp ein annan plass, er problema for store i familien til at dei lèt seg løyse med lettare hjelpetiltak.

Dei stille barna

Ofte er det dei stille barna som ikkje blir sedde. Dei vender seg innover og lagar ikkje problem for andre enn seg sjølve. Utagerande åtferd er det lettare å gripe tak i, for den lagar problem for dei andre barna òg. For å kunne forstå barn må vi ha ein viss kompetanse. Vi må lære oss til å lytte og til å tore å stille spørsmål. Vi må vere menneske som viser omsorg, oppriktig interesse og tolmod.

Rolla til fagarbeidaren

Korleis skal du stille deg dersom eit barn eller ein ungdom kjem til deg og seier at han eller ho har ei hemmelegheit dei vil dele med deg, men at du ikkje får seie det til nokon? Dette er vanskeleg for dei aller fleste av oss. Barnet eller den unge må føle at dei blir tekne vare på, og at det er nokon som er der for å hjelpe dei. Når eit barn har gått til det skrittet å fortelje nokon hemmelegheita si, er det viktig å vise dei tillit. Du må vere ein god lyttar, høyre kva barnet har å seie, og late det fortelje historia si ut ifrå opplevingane sine. Det er viktig å ikkje oppheve seg til dommar over nokon av partane, men lytte og seie at dette ikkje høyrest greitt ut, og at du skal hjelpe dei til nokon som kan hjelpe dei vidare.

Det er viktig å få sagt tydeleg kva teieplikta inneber, og kva det er straffbart å teie om. Du bør forklare at det ikkje er rett å kjenne til at nokon har det vondt, utan å gjere noko med det.

Dersom du er uroleg for eit barn, er det viktig å snakke med andre om uroa. Gå alltid til nærmaste leiar. Det kan vere avdelingsleiaren din i barnehagen, ein lærar på skulen, helsesjukepleiar eller barnevernet.

Barnet eller den unge må takast vare på i alle samanhengar, og er det alvorlege overgrep som har funne stad, skal barnevernet kontaktast og ta hand om barnet med ein gong. Det finst beredskapsheimar som står klare til å ta imot barn og unge som er i denne situasjonen. Dersom ein som barne- og omsorgsarbeidar har vore med på å avdekkje slike hendingar, er det viktig å få snakke om opplevinga i ettertid. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du ikkje stå åleine i slike saker.

Ungdom

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du oppleve at ungdommar knyter seg til deg og føler tillit til deg. Nokre kan fortelje deg om omsorgssvikt og seksult misbruk. Dersom dei ber deg om å ikkje fortelje dette vidare, er det viktig at du fortel ungdommen at dette er opplysningar du ikkje kan sitje på åleine. Saman med ungdommen kan du finne ein fagperson som ungdommen kan gå til, for eksempel helsesøster eller sosialpedagogisk rådgivar.

Profesjonell

Å vere open for å sjå at barn og unge har det vanskeleg, og å tore å gripe inn, er ein del av det å vere profesjonell i rolla som barne- og ungdomsarbeidar.

Utfordringar til deg

  1. Diskuter kva de vil definere som omsorgssvikt, og kva de vil definere som god omsorg. Ved å diskutere dette i klassen kan de få fram ulike syn på temaet.
  2. Kva gjer du dersom eit barn fortel deg om overgrep?
  3. Kva bør du gjere dersom ein ungdom fortel deg om eit overgrep, men seier at du ikkje får seie det til nokon?
  4. Hva er meint med at du ikkje skal oppheve deg til dommar over nokon?
  5. Korleis vil du snakke med barn som fortel om overgrep?
  6. Kva bør du gjere dersom du har mistanke om at eit barn får for dårleg omsorg?
  7. Korleis kan du opptre som profesjonell yrkesutøvar for barn som har det vanskeleg?

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter