Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nokre moglege hjelpetiltak

Nokre gonger er det slik at hjelpetiltak i heimen ikkje er nok for verken barna eller familien. Då er det behov for andre hjelpetiltak.

rosa blomst. foto.

Der det er best for barnet å vekse opp ein annan plass, er problema for store i familien til at dei lèt seg løyse med lettare hjelpetiltak. Barna får framleis ha kontakt med familien sin, men kor ofte varierer frå tilfelle til tilfelle. Som oftast skjer det i samarbeid med familien, som eit frivillig hjelpetiltak, men nokre gonger må barnevernet gripe inn sjølv om familien ikkje vil det.

Nokre familiar kjem over kneika etter ei kort tid med hjelp medan andre treng langsiktig hjelp. Det er utvikla ei rekkje metodar som kan nyttast.

Her er nokre eksempel på metodar:

  • Parent management training Oregon (PMTO) er laga for barn i alderen 3 til 12 år, og målet er at barn og foreldre skal gjenopprette ein god relasjon slik at uønska åtferd blir broten og god utvikling blir fremma.
  • Webster Stratton, også kalla dei utrulege åra, er for barn i alderen 2 til 8 år. Metoden er svært effektiv for barn med åtferdsproblem. Foreldre får hjelp til barneoppseding og til å byggje relasjonar til barna sine.
  • Multisystemisk terapi (MST) er eit hjelpetiltak for unge i alderen 12 til 18 år. Her blir styrking av oppsedings-praksisen til foreldra vektlagd. Dette tiltaket skjer i nært samarbeid med det øvrige nettverket og likeins samarbeidet mellom heim og skule.
  • ART ((Aggression Replacement Training) er eit alternativ til aggresjon, vald, rus, gjengar og kriminalitet. Her tilbyr ein ungdom og familiar som ønskjer det, hjelp til blant anna auka sosial kompetanse, sinnemeistring, konfliktløysing og motivasjonsarbeid.
Dette er hjelpetiltak som blir sette inn i heimen for ein kortare periode for å gi foreldra opplæring i å gi omsorg. Hjelpetiltaka er tilpassa ulike aldersgrupper, frå småbarn til ungdommar.

Kursa og tiltaka blir haldne av fagfolk som er spesialutdanna til det. Hjelpetiltaka er kortvarige og siktar mot å lære opp foreldre og barn til å takle vanskar på eiga hand. Mange familiar har gjennomgått slike tiltak med gode resultat. I nokre tilfelle er det nok med råd og rettleiing, i andre tilfelle ikkje.

Det blir skrive mykje i avisene når barnevernet grip inn for raskt i ein familie, men problemet med at det blir gjort for lite, er mykje større. Det fortel mange barn om. Det er difor eit godt råd å seie frå dersom eit barn ikkje har det godt, sjølv om det er vanskeleg. Å vere barn som er utsett for omsorgssvikt, er vanskeleg, så dei prøver å fortelje kva dei har opplevd, på ulike måtar.

Øye og bokstavtavle. Illustrasjon.
Vi må sjå...


Vi må vere klar over at vi har ulikt syn på kva omsorgssvikt er, men dette må ikkje bli ei sovepute som gjer at vi ikkje grip inn ved mistanke om omsorgssvikt.

Utfordringar til deg

  1. Jobb i grupper og finn ut korleis barnevernet jobbar i dei tilfella der barn må over i fosterheim. Presenter dette for klassen.
  2. Kva er parent management training Oregon (PMTO),
    Webster Stratton, multisystemisk terapi (MST)
    og ART?
  3. Fordjuping: Søk på nettet og finn ut meir om desse hjelpetiltaka.

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter