Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Seksuelle overgrep

Barn som er utsett for seksuelle overgrep, prøver å mestre kvardagen sin. Dei utviklar forsvarsmekanismar det er viktig å vite noko om, særleg for dei som skal arbeide med barn og unge.

Undersøkelsesrom ved mistanke om overgrep på barn. Seng, stol og annet utstyr som kan brukes. Foto.

Kva er overgrep?

Med seksuelle overgrep eller seksuell utnytting av barn og unge meiner vi at avhengige og utviklingsmessig umodne barn eller ungdommar blir trekte inn i seksuelle aktivitetar som dei ikkje fullt ut forstår, som dei ikkje har tilstrekkeleg kunnskap eller erfaring til å gi eit grunngitt samtykke til, eller som krenkar seksuelle tabu innanfor familierolla. Rettleiar frå 1992: Seksuelle overgrep mot barn

Dessverre er dette eit tema som alltid vil vere aktuelt, og det er viktig å vite noko om det.

Det finst sjeldan handfaste bevis på at overgrep har funne stad. Dermed vil det vere ord mot ord mellom den vaksne og barnet. Det kan vere vanskeleg å tru på barnet når den vaksne har ein heilt annan versjon av saka.

Vi kan alle setje oss inn i kor forferdeleg det må vere for ein vaksen å bli urettmessig skulda for seksuellle overgrep, men det er endå vanskelegare å setje seg inn i korleis det er å vere barn og å bli utsett for det. Ser ein på kor mange som har blitt dømde i slike saker, tyder det på at barn har lite truverde i rettsapparatet.

Viktigheita av fagarbeidarar

Som barne- og ungdomsarbeidar er det ikkje oppgåva di å vurdere truverdet i det barnet fortel deg. Du skal vere til stades for barnet og hjelpe det vidare til fagfolk med meir kompetanse på området.

Korleis eit barn som blir utsett for seksuelle overgrep, reagerer, er òg forskjellig frå person til person. Det som er felles, er at kropp og sjølvbilete blir skada. Vi veit at i personlegdommen vår er seksualiteten viktig, og alle som blir utsette for overgrep, vil bli merka for resten av livet.

FN-konvensjonen (1989) slår fast at alle barn har rett til liv, utvikling og vern. Også når det gjeld seksuelle overgrep, blir rettane til barna nemnde spesifikt. Staten skal beskytte barnet mot fysisk eller psykisk mishandling, forsømming eller utnytting frå foreldre eller andre omsorgspersonar (artikkel 19). Barnet har rett til vern mot alle former for seksuell utnytting og misbruk (artikkel 34).

Forsvarsmekanismar

Barn som er utsette for seksuelle overgrep, prøver å meistre kvardagen sin. Dei utviklar forsvarsmekanismar det er viktig å vite noko om, særleg for dei som skal arbeide med barn og unge. Ifølgje Kari Killén (1993) vil barnet anten prøve å tilpasse seg til omgivnadene eller å tilpasse omgivnadene til seg. Ho seier vidare at forsvarsmekanismar som er særleg knytte til seksuelle overgrep, er

  • at barnet har gløymt eller nektar for hendinga (benekting)
  • at barnet blir fjernt og går inn i ein transeliknande tilstand (dagdrøymer)
  • at barnet blir svært gløymsk eller forvirra
  • at barnet lett mistar eigedelar eller oversikt
  • at det har store variasjonar i ferdigheiter på same dag (gløymer kunnskap)
  • at det går tilbake i utvikling (regresjon)
  • at barnet omtaler seg sjølv i tredje person (tingleggjering)
  • at det lèt som om det er andre som har opplevd dei hendingane som det sjølv har opplevd
  • at det klagar over magesmerter eller hovudpine og i neste augneblink har gløymt det
  • at det driv med sjølvskading
  • at det har intense sinneutbrot
  • at det har innbilte venner
  • at det høyrer stemmer ingen andre høyrer
  • at barnet har ei seksualisert åtferd

Den sikraste måten å beskytte barna på er å snakke med dei og gi informasjon og kunnskap tilpassa modnaden og utviklingsnivået til barna. Ved at dei vaksne tek opp temaet på lik linje med vald og mobbing, får barna kunnskap som kan gjere dei betre rusta til å beskytte seg sjølve.

Dersom ein som forelder har mistanke om at eit barn er vorte utsett for overgrep, er det viktig å opptre roleg og støtte barnet. Foreldre bør òg kontakte fagpersonell for å få hjelp. Aktuelle instansar å kontakte er: barnevern, helsestasjonar, fastlegar, PPT og barne- og ungdomspsykiatrien.
Kjelde: Helsedirektoratet

Etterverknadene av seksuelle overgrep varierer frå person til person. Dette avheng nemleg av omfang og av barnet sjølv. Noko av det som er vanleg, er eit svekka sjølvbilete, sjølvforakt, sjølvmordstankar og smerter ein ikkje kan knyte til ein diagnose. Det blir sagt at hjernen kan gløyme alt, men kroppen gløymer aldri noko. Som hjelpar for desse barna er det viktig å ha kunnskap og tolmod og å vere føreseielege vaksenpersonar dei kan stole på. Det betyr at ein er tydeleg på kva som er rett og gale, og at ein tek kontakt med hjelpeapparatet for å gi barnet den hjelpa det har krav på.

Ofte ein person barnet kjenner

Dei fleste overgriparar er menn, og ofte kjenner dei barnet frå før. Dei færraste overgriparar er framande menn som forgrip seg på barn dei ikkje har kjennskap til. Barna som blir utsette for overgrep, har gjerne stor tillit til overgriparen. Det er ingen barn som i utgangspunktet er meir eller mindre utsette for seksuelle overgrep enn andre. Men overgriparen finn nokre gonger fram til barn som er særleg sårbare. Det kan vere at barna er einsame, har liten kontakt med fortrulege vaksne eller har problem knytte til skulen eller omsorgssituasjonen. Forsking viser at barn med slike problem har større risiko for å bli utsette for seksuelle overgrep. Kjelde: Helsedirektoratet

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du definere seksuelle overgrep?
  2. Kva for barn er mest utsette for seksuelle overgrep?
  3. Kva seier FN-konvensjonen om overgrep mot barn?
  4. Eit barn eller ein ungdom fortel deg om eit overgrep. Kva bør du gjere?
  5. Kva for forsvarsmekanismar er særleg knytte til seksuelle overgrep?
  6. Diskuter korleis tilsette i skule og barnehage kan snakke med barn og unge i ulike aldersgrupper om seksuelle overgrep.
  7. Gjer deg kjend med sidene til ung.no om seksuelle overgrep.
  8. Bruk nettet og finn fram til fagstoff om seksuelle overgrep. Diskuter kva nytte de har av denne kunnskapen.

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter