Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Psykiske overgrep

Som fagarbeider skal du lære deg og observere barna slik at ulike overgrep kan oppdagast tidleg, samt sørge for ein god relasjon til barnet for å skape tryggleik.

Jente som balanserer på lysstripe. Foto.

Psykiske overgrep mot barn omfattar dei forholda der omsorgspersonane øydelegg eller forhindrar utviklinga av eit positivt sjølvbilete hos barnet (Kari Killén 2004).

Kari Killén deler psykiske overgrep inn etter kva for type situasjon barnet blir utsett for. Barn kan for eksempel terroriserast med truslar om straff eller å bli forlatne. Dei lever i konstant uro for eksempel for livsstilen til foreldra.

Dei kan vere urolege for

  • rusmisbruken til foreldra
  • vald frå foreldra
  • at foreldra skal bli psykisk sjuke
  • at dei sjølve skal bli haldne borte frå aktivitetar

Dei kan òg oppleve at dei blir tillagde eigenskapar som foreldra ser på som uønskte, og som gir grunnlag for avvising.

Symptom

Symptom hos desse barna er psykiske problem, ofte med smertetilstandar, kroppslege (somatiske) symptom, angst og eteforstyrringar. Barna kan vere svært ivaretakande overfor foreldra sine, eller dei kan vere urolege og utagerande.

Behandling og oppfølging av desse barna bør vere tverretatleg for å sikre god nok hjelp. Det betyr at fleire fagpersonar må samarbeide om behandlinga av barna. Dei må ha eit felles mål for behandlinga, og det krev gjensidig tillit mellom dei involverte. Her må ikkje teieplikta øydeleggje for samarbeidet. Å gjere det beste for barnet må vere eit felles mål.

Det er ikkje lov å bruke det ein kallar psykisk vald i barneoppsedinga, som å kalle barn stygge ting, krenkje, true, latterleggjere eller audmjuke barnet. Kjelde: Barneombodet

Utfordringar til deg

  1. Kva er psykiske overgrep?
  2. Gi eksempel på forhold som barn kan oppleve som psykiske overgrep.
  3. Korleis verkar psykiske overgrep på barn?
  4. Kva for symptom kan vi sjå på psykiske overgrep?
  5. Korleis kan ei slik behandling gå føre seg? Ring ulike etatar som arbeider med dette, og høyr korleis dei gjer det.

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter