Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vanskjøtsel

Vi kallar det vanskjøtsel når foreldre har vanskar med eller manglande evne til å engasjere seg kjenslemessig i barnet på ein god måte. Vanskjøtsel inneber at åtferda og livsstilen til foreldra skaper ein omsorgssituasjon der barnet lever med kronisk bekymring.

Jente som balanserer på lysstripe. Foto.

Vanskjøtsel begynner ofte ved fødselen, men barnet kan òg vere vanskjøtta under svangerskapet.

Vanskjøtsel har ulike sider:

  • den kjenslemessige
  • den ernæringsmessige
  • den materielle
  • den sosiale
  • den medisinske
  • den utdanningsmessige
  • den at foreldre overlèt barna til seg sjølve
    (Kari Killén 2004)

Ofte er det snakk om rusmisbruk og dårleg ernæring, men òg at foreldre er i ulike kriser, som depresjonar eller andre psykiske lidingar. Symptom hos eit spedbarn som er vanskjøtta, kan vere at det luktar vondt og er skite og ustelt, og at det ofte har bleieutslett. Dersom barnet er underernært eller feilernært, vil ofte magen vere oppspilt. Barnet har vanskeleg for å leggje på seg, og det kan vere dehydrert.

Hos barn som er eldre, kan teikn på vanskjøtsel vere dårleg tannhygiene, sein språkutvikling, sein motorisk utvikling eller at barnet er passivt og apatisk. Det at foreldre ikkje følgjer opp barna til medisinsk behandling, er òg vanskjøtsel.

Når barn viser liten eller mangelfull vekst og lita utvikling sjølv om dei får god nok ernæring, er det snakk om kjenslemessig vanskjøtsel.

Det hender at foreldre har ei forvrengd oppfatning av barnet, er negativt innstilte til barnet og ikkje klarer å engasjere seg kjenslemessig på ein god måte.

Barn som blir utsette for alvorleg vanskjøtsel, treng hjelp, ofte med sjukehusinnlegging. Alvorleg vanskjøtsel skal meldast til barnevernet.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du definere vanskjøtsel?
  2. Kva for ulike sider har vanskjøtsel, og kan du forklare dei?
  3. Kva for teikn skal du sjå etter for å oppdage vanskjøtsel?
  4. Kva trur du er grunnen til at barn som har vore utsette for alvorleg vanskjøtsel, må leggjast inn på sjukehus?

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter