Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fysiske overgrep

Fysiske overgrep er i strid med FN sin barnekonvensjon og er straffbare handlingar etter norsk lov. Slike overgrep er òg i strid med grunnleggjande verdiar og oppfatningar om korleis livet til barn bør vere.

Kvinne med hendene foran ansiktet. Foto.

Fysiske overgrep inneber at ein vaksen person påfører eit barn smerte, kroppsleg skade eller sjukdom. Mishandlinga kan blant anna ta form av slag, med eller utan bruk av gjenstandar, spark, lugging, klyping, biting, kasting, brenning eller skålding. I dei grovaste tilfella kan overgrepa ta form av forgifting, drapsforsøk eller drap (SOU200: 72).

I stortingsmelding nummer 40 (2001–2002) er det understreka at innsatsen overfor barn og unge som blir utsette for overgrep, bør styrkjast. Dette er det brei semje om blant fagfolk, offentlege myndigheiter og forskarar.

Det er viktig å merke seg

  • kvar på kroppen skaden er
  • kva for forklaring barnet eller foreldra har på skaden
  • at sjølv om fysiske skadar blir lækte, vil barn som er utsette for fysiske overgrep, få store psykiske påkjenningar

I Noreg er det ikkje lov til å slå barn, og foreldre skal ikkje slå barna sine i nokon tilfelle, heller ikkje for å straffe eller for å oppdrage. Ingen barn skal oppleve å bli slegne av foreldra sine. Barn treng vern og omsorg frå foreldra sine, og det er ikkje lov å skade barna sine ved å utsetje dei for vald. Ulike måtar å utsetje barna sine for vald på kan vere å slå, klappe til, sparke, klype og lugge.

Kjelde: Barneombodet

Münchhausen by proxy-syndromet

Når barn blir innlagde gjentekne gonger på sjukehus av omsorgspersonar, oftast mor, som diktar opp eller med vilje har påført barnet skadar, kan det vere snakk om ei psykisk liding hos mor.

Barna kan vere påførte skadar som forgifting eller feilmedisinering. Mødrene er ofte overengasjerte i barna og sjukdomsbiletet deira. Det kan få legar til å utføre unødvendige og smertefulle undersøkingar av barnet, og då snakkar vi om mødrer som har eit stort behov for merksemd.

Dette blir kalla Münchhausen by proxy-syndromet og er ei form for psykisk overgrep der foreldra fabrikkerer ein sjukdom som dei tillegg barnet. Dei fabrikkerer symptoma til sjukdommen og ofte òg utviklingshistoria. Dei set seg ofte grundig inn i symptoma til tilstanden og skildrar tilstanden til barnet overbevisande.

Syndromet heng saman med foreldrehaldningar og handlingar som strekkjer seg frå det å vere oppteken av og bekymra for helsa til barnet til det å fabrikkere ein sjukdom, påverke laboratorieprøver og aktivt påføre barnet symptom. Foreldra framstår som omsorgsfulle, men barnet kan vere i alvorleg fare (Meadow 1977, 1982a, 1982b, 1990, 1998, 1999, 2000).

Her i psykologitidskriftet kan du lese meir: Münchausen syndrome

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du definere fysiske overgrep?
  2. Korleis trur du barn opplever å bli slegne?
  3. Kva seier barneombodet om å slå barn?
  4. Kva er Münchhausen by proxy-syndromet?
  5. Det finst kulturelle forskjellar i korleis ein ser på det å slå barn. Søk på nettet og sjå kva du kan finne om dette temaet. Diskuter det de finn, med utgangspunkt i utsegna «vi må aldri akseptere fysisk vald mot barn, uansett kultur».
  6. Fordjupingsoppgåve:
    Finn ut kva barnekonvensjonen og lovverket seier om fysisk omsorgssvikt.

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter