Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er omsorgssvikt?

Omsorgssvikt vil seie at dei som har omsorgen for eit barn gir så mangefull omsorg eller påfører barnet skade fysisk eller psykisk slik at utviklinga er i fare.

Eit barn ligg under ei seng. Foto.

Med omsorgssvikt forstår vi at foreldre eller dei som har omsorga for barnet, påfører det fysisk eller psykisk skade eller forsømmer det så alvorleg at den fysiske eller psykiske helsa og utviklinga til barnet er i fare. (Kempe 1979, Killén 2004, Lundén 2004).

Omsorg for barn kan ikkje forståast lausrive frå føresetnadene og omsorgsbehova til barna. Omsorgssvikt må sjåast i samanheng med kultur, tid og etnisitet. Det betyr at ein må sjå på kvar og kva for kultur barnet kjem frå. I nokre kulturar lever familiane annleis enn i vår. Det gjeld oppseding og kva for syn dei har på barn. For eksempel kan synet på gutar og jenter vere forskjellig frå ein kultur til ein annan. Det kan vere ei utfordring for oss i Noreg, sidan vi er vande med å likestille kjønn.

På same måte er synet på omsorgsbehov forskjellig alt etter kvar ein kjem frå. For eksempel vil ei ha andre verdiar enn det vi kjenner til. Det er store forskjellar på kva ulike land med ulik kultur og styreform meiner er god omsorg. I Noreg er det foreldra si plikt og foreldra sin rett å gi omsorg til og stå for oppsedinga av barn. Med barn meiner ein personar under 18 år.

Forståinga for at omgrepa omsorg og omsorgssvikt kan ha ulik betydning i ulike kulturar, må likevel aldri vere eit hinder for å gripe inn dersom eit barn lir.

Å definere kva omsorgssvikt er, kan vere vanskeleg. Det er stor variasjon i omfanget av barn som blir utsette for omsorgssvikt i ulike undersøkingar. Alt etter kva for definisjon ein vel å bruke, viser tal frå Sverige at mellom 4 og 25 prosent av barna blir utsette for omsorgssvikt (Lundén 2004).

Vi må gå ut ifrå at det er store mørketal. Omgrepet omsorgssvikt dekkjer meir enn mangel på omsorg. Det omfattar òg mishandling og seksuelle overgrep. Omsorgssvikt blir delt inn i fire grupper:

  • fysiske overgrep
  • vanskjøtsel
  • psykiske overgrep
  • seksuelle overgrep

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter