Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis oppdage omsorgssvikt?

I mange familiar der barn blir utsette for omsorgssvikt, er det ikkje synleg utafrå. Det er difor svært viktig å ha kjennskap til risikofaktorar og kva ein skal sjå etter for å avdekkje dette.

Hender som holder jord formet som et hjerte. En grønn spire kommer opp av jorda. Foto.

Barn er forskjellige og reagerer på forskjellige måtar når dei har det vondt.

Nokre barn som blir utsett for omsorgssvikt kan reagere med å bli rampete og umogelege, og dei kan trekkje seg unna andre, bli asosiale og vanskelege å få kontakt med. Dette gjeld særleg dei som har vore utsette for vald.
Andre kan bli overlydige og lærer dermed ikkje å ta vare på seg sjølv. Dei kan lett bli misbrukte av andre.
Nokre trekkjer seg unna og blir dei usynlege barna som det er lett å oversjå. Dei blir ofte einsame og har vanskeleg for å skaffe seg venner.
Det er òg barn som blir ukritiske til andre. Dei kjem fort i kontakt med framande, har ingen sperrer og blir ofte utnytta.

Barn som er utsette for grov omsorgssvikt, har ofte ei forseinka utvikling. Dette kan blant anna gi seg utslag i veksthemming og sein språkutvikling. Angst og depresjon er svært vanleg. Når barn kjem i puberteten, kan vanskane forsterke seg, og faren for sjølvskading og sjølvmordsforsøk er stor.

Det at eit barn er deprimert, treng ikkje alltid å vere teikn på at det er utsett for overgrep. Det er viktig å hugse at det kan vere andre årsaker som ikkje har samanheng med overgrep. Nokre barn er meir sensitive enn andre, og depresjonen kan ha bakgrunn i andre forhold.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig å kjenne til risikofaktorane for omsorgssvikt?
  2. Gir alle barn dei same signala på at dei har det vondt?
  3. Lag ei oversikt over vanlege teikn på omsorgssvikt.
  4. Lag ein tekst om omsorgssvikt til eit av bileta.

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter