Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjønnslemlesting

Kjønnslemlesting, eller kvinneleg omskjering, er ei nemning som omfattar alle typar inngrep der ytre kjønnsdelar heilt eller delvis blir fjerna eller blir påførte annan skade, og der inngrepet er gjort av andre grunnar enn medisinske.

En guttebaby blir omskåret. Foto.

Alvorlege konsekvensar

Kjønnslemlesting har alvorlege medisinske konsekvensar. Av akutte komplikasjonar førekjem mellom anna blødingar, smerter og infeksjonar. I tillegg kjem ei rekkje seinkomplikasjonar, som vedvarande smerter og blødingar, kroniske infeksjonar, traume og problem i seksuallivet. Kjønnslemlesting gir òg auka risiko for fødselskomplikasjonar.

I mange av landa der kjønnslemlesting er utbreidt, er islam den dominerande religionen, men det er viktig å vere klar over at kvinneleg omskjering òg førekjem i andre religionar og blant ikkje-religiøse, og at ei rekkje muslimske land ikkje praktiserer omskjering.

Innvandring har gjort kjønnslemlesting til eit tema i den norske offentlegheita som tilsette både i helsevesenet, barnehagar, skular, skulefritidsordningar, barnevernet og politiet må ta stilling til og ha kunnskap om.

Forboden

I Noreg er kjønnslemlesting forbode ved lov, og både utføring og medverknad til utføring kan gi straff. Også kjønnslemlesting som skjer utafor Noreg, er straffbart når det blir utført på nokon som har fast opphald i Noreg.

Paragraf 2 i kjønnslemlestingsloven slår fast at både helsepersonell, tilsette i barnehagar, skular og skulefritidsordningar, helse- og sosialtenesta, trussamfunn og forstandarar og religiøse leiarar i trussamfunn har plikt til å prøve å hindre kjønnslemlesting. I slike tilfelle skal det vere snakk om ein grunngitt mistanke, men det er ikkje krav til sikker kunnskap om eit planlagt inngrep.

I Noreg har det dei siste åra vore fleire diskusjonar om korleis kjønnslemlesting best kan førebyggjast. Det er generell semje om at det er viktig med informasjon og opplysning i dei miljøa det vedkjem.

Ifølgje Helsetilsynet sin rettleiar for helsepersonell i Noreg om kvinneleg omskjering (2000) kan det vere aktuelt å vurdere risikoen for omskjering før ein ferie, særleg dersom jenta skal sendast ut av landet, og dersom jenta verkar engsteleg. I den same rettleiaren blir det òg vist til nokre forhold som kan vere grunn til å vurdere om ei jente har gått gjennom omskjering: at ho har vore borte frå skulen eller barnehagen ei tid, særleg dersom ho har vore på ferie i utlandet, at ho verkar påfallande lei seg, at ho plutseleg har vorte sjenert eller meir sjenert, at ho har fått problem med å gå eller andre rørsleproblem, at ho ikkje vil vere med i gymnastikktimar eller sykle slik ho har gjort før, at ho nyleg har fått problem med vasslating, eller at ho nyleg har fått magesmerter.

Det finst ingen eksakte tal på kor mange kvinner og jenter busette i Noreg som har vore utsette for omskjering, eller kor mange jenter som står i fare for å bli omskorne.

Utfordringar til deg

  1. Kva er kjønnslemlesting?
  2. Kva for alvorlege konsekvensar kan kjønnslemlesting ha?
  3. Er omskjering lov i Noreg?
  4. Kva bør du vere merksam på for å hindre at kjønnslemlesting skjer?
  5. Kva kan du gjere dersom du får vite at kjønnslemlesting har skjedd?
  6. Gjer deg kjend med det som finst om omskjering på ung.no.
  7. Søk på omskjering og kjønnslemlesting på Internett. Ta for dykk ulike nettsider og svar på desse spørsmåla:
    – Korleis vurderer de innhaldet?
    – Kven står bak nettstadene?
    – Finne de noko de har nytte av som barne- og ungdomsarbeidarar?
    Lag ein presentasjon av den sida de har valt ut.

8. Fordjuping:

Kjønnslemlesting har alvorlege medisinske konsekvensar. Av akutte komplikasjonar førekjem mellom anna blødingar, smerter og infeksjonar. I tillegg kjem ei rekkje seinkomplikasjonar, som vedvarande smerter og blødingar, kroniske infeksjonar, traume og problem i seksuallivet. Kjønnslemlesting gir òg auka risiko for fødselskomplikasjonar.

Kvinneleg omskjering oppstod før kristendommen og islam var etablerte religionar. Vi går ut ifrå at om lag 130 millionar kvinner i 37 land, hovudsakleg i Afrika, er omskorne, og at omtrent 2 millionar jentebarn kvart år risikerer kjønnslemlesting. I Djibouti, Eritrea, Etiopia, Mali, Sierra Leone, Somalia og Sudan er over 80 prosent av den kvinnelege folkesetnaden omskoren. I mange av landa der kjønnslemlesting er utbreitt, er islam den dominerande religionen. Samtidig er det viktig å vere medviten om at kvinneleg omskjering også førekjem i andre religionar og blant ikkje-religiøse, og at ei rekkje muslimske land ikkje praktiserer omskjering. Alderen på jenter som blir utsette for kjønnslemlesting, varierer vesentleg mellom ulike folkegrupper og mellom ulike regionar, frå nyfødde til vaksne. Kvinneleg omskjering er ei rituell handling som ofte er utført med tanke på jenta sitt beste. Grunngjevnadene for praksisen er fleire og knyter seg gjerne til tradisjon, kultur, religion og visse forståingar av kva som er kvinneleg, fint, reint, godt og moralsk høgverdig.

Internasjonal migrasjon har gjort kjønnslemlesting til eit tema i offentlegheita som tilsette både i helsevesenet, barnehagar, skular, skulefritidsordningar, barnevernet og politiet må ta stilling til og ha kunnskap om. Det finst ingen eksakte tal på kor mange kvinner og jenter busette i Noreg som har vore utsette for omskjering, eller kor mange jenter som står i fare for å bli omskorne. Ut ifrå overslag bygde på kva for innvandrargrupper som bur i Noreg, og førekomsten av kjønnslemlesting i opphavslanda, reknar vi likevel med at det bur omtrent 1 000 omskorne kvinner i Noreg i dag. Somaliarar utgjer i denne samanhengen ei sentral gruppe, og i mange tilfelle er det her snakk om omfattande former for omskjering. Haldningane til omskjering blant personar i Noreg som har innvandra frå område og kulturar der praksisen er utbreidd, varierer.

I Noreg er kjønnslemlesting forbode ved lov, og både utføring og medverknad til utføring kan gi grunnlag for straff. Også kjønnslemlesting som skjer utafor Noreg, er straffbart når det blir utført på nokon som har fast opphald i Noreg. Helsepersonell, yrkesutøvarar og tilsette i barnehagar, skular og skulefritidsordningar, helse- og sosialtenesta, trussamfunn og forstandarar og religiøse leiarar i trussamfunn har etter paragraf 2 i kjønnslemlestingsloven plikt til å prøve å hindre kjønnslemlesting. I slike tilfelle skal det vere snakk om ein grunngitt mistanke, men det er ikkje krav til konkret, sikker kunnskap om eit planlagt inngrep. I nokre tilfelle vil ei slik plikt innebære at ein må snakke med foreldra, mens det i andre tilfelle kan vere aktuelt å melde frå til politiet. Dersom omskjeringa har funne stad og helsepersonell seier at det trengst medisinsk oppfølging, har ein plikt til å melde frå til barnevernet dersom det er nødvendig for å sikre at jenta får behandling.

I Noreg har det i dei seinare åra vore fleire diskusjonar om korleis kjønnslemlesting best kan førebyggjast. Mens det er generell semje om at det er viktig med informasjon og opplysning i dei miljøa det gjeld, er obligatorisk underlivssjekk eit av dei meir omstridde forslaga. Elles viser erfaring at det er viktig med ein open, spørjande og lyttande dialog på dette feltet. Ei ny undersøking kan tyde på at det blant somaliske familiar busette i Noreg har utvikla seg ein skepsis til omskjering. Denne skepsisen har fleire grunnar, som eigne erfaringar med kjønnslemlesting, opplysningar om skadeomfang, kunnskap om at det ikkje er ei religiøs forskrift, utdanning og kunnskap om norsk lov.

Ifølgje Helsetilsynet sin rettleiar for helsepersonell i Noreg om kvinneleg omskjering (2000) kan det vere aktuelt å vurdere risikoen for omskjering før ein ferie, særleg dersom jenta skal sendast ut av landet, og dersom jenta verkar engsteleg. I den same rettleiaren blir det òg vist til nokre forhold som kan gi grunn til å vurdere om ei jente har gått gjennom omskjering: at ho har vore borte frå skulen eller barnehagen ei tid, særleg dersom ho har vore på ferie i utlandet, at ho verkar påfallande lei seg, at ho plutseleg har vorte sjenert eller meir sjenert enn før, at ho har fått problem med å gå eller andre rørsleproblem, at ho ikkje vil vere med i gymnastikktimar eller sykle slik ho har gjort før, at ho nyleg har fått problem med vasslating, eller at ho nyleg har fått magesmerter.

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter