Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Omsorgssvikt

Noko av det største i livet er å bli foreldre. Det er noko vi høyrer ofte, og det fortel oss kor fantastisk det er å få barn. Det er noko stort som overgår det meste. Dei aller fleste barn opplever å vere ønskte og elska og vil få ein trygg og god oppvekst, men ein del barn opplever dessverre det motsette.

Omsorgssvikt

Når vi snakkar om barn som blir utsette for omsorgssvikt, er det barn av foreldre som av ein eller annan grunn ikkje klarer å ta godt nok vare på barna sine.

Alle barn knyter seg til omsorgspersonane sine, men dei knyter seg til dei på ulikt vis. Barn som opplever omsorgssvikt, utviklar etterkvart ei utrygg kjensle overfor omsorgspersonane eller tilknytingspersonane sine.

Barn har med seg ei fantastisk evne til å utvikle seg, og dei modnast dersom dei kan knyte seg til omsorgsfulle vaksne.
Barnet treng mat og stell, og det treng nokon som legg merke til korleis det har det, og bryr seg om korleis verda ser ut for barnet. Barnet tek skade dersom det ikkje får desse viktige behova dekte, eller dersom det blir utsett for vald eller blir utnytta av vaksne. Vaksne personar i omgivnadene til barnet har ein stor innverknad på kva slags oppvekst det får.

Definisjon

Med omsorgssvikt forstår vi at foreldre eller dei som har omsorga for barnet, påfører det fysisk eller psykisk skade eller forsømmer det så alvorleg at den fysiske eller psykiske helsa og utviklinga til barnet er i fare.

Kempe 1979, Killèn 2004, Lundèn 2004

Risikogrupper

Dessverre føregår omsorgssvikt og mishandling i alle lag av folket, og det er derfor vanskeleg å peike på nokon bestemte grupper som er overgriparar. Allikevel er det nokre som er meir utsette enn andre for å komme i risikogruppa.

  • Nokre foreldre har sjølve vore utsette for omsorgssvikt. Dei har hatt ein så vanskeleg oppvekst at dei ikkje sjølve har lært korleis ein gir god omsorg. Barna deira er i større fare enn andre.
  • Foreldre kan sjølve ha så store problem at dei ikkje ser behova til barna. Eit eksempel kan vere foreldre med rusproblem.
  • Barn av psykisk sjuke foreldre er ei utsett gruppe.
  • Foreldre som har barn med vanskeleg temperament, og som det er vanskeleg å handtere, blir oftare overgriparar.
  • Barn som blir fødde for tidleg, er ei risikogruppe.
  • Barn med funksjonshemmingar er ei risikogruppe.
  • Utfordringar til deg

    Oppgåver til filmen «Løvetannbarna»
    1. Kva for behov har barn?
    2. Kven er det som blir omtalt som løvetannbarna?
    3. Korleis skildrar Anne Catrine barndommen sin?
    4. Kva er det som gjer at nokon klarer seg der andre bukkar under?
    5. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar vere eit menneske som bryr seg?
    6. Korleis kan ein gi barna tru på seg sjølve?
    7. Kva har oppveksten gjort med Anne Catrine?
    Oppgåver til filmen «Tidlig hjelp mot omsorgssvikt»
    1. Kva viser forskning om utviklinga til hjernen ved omsorgssvikt?
    2. Ungdommane fortel at hjelpa kjem for seint. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere for å førebyggje dette?
    3. Kva for konsekvensar får endringane i hjernen?
    4. Når er det aller størst sjanse for å lykkast med førebyggjande arbeid?
    5. Kva for instansar kan samarbeide for at barna skal få det betre?
    6. Kva for hjelp kan ein gi til familiar som slit?
    Oppgåver til «Omsorgssvikt»
    1. Kvifor er det viktig at alle barn får dekt dei grunnleggjande behova sine?
    2. Korleis definerer du omsorgssvikt? Diskuter i klassen kva de legg i omgrepet omsorgssvikt, og samanlikn det med definisjonen på sida. Kva er likt? Kva er ulikt?
    3. Kva for grupper peiker seg ut som meir utsette for omsorgssvikt enn andre?

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter