Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. Omsorg for ungdommarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omsorg for ungdommar

Omsorg for ungdom handlar mellom anna om å gi dei tru på at dei kan ordne opp i dei fleste situasjonar sjølve. Det handlar om å styrkje trua deira på seg sjølve i ei tid då det skjer mykje både fysisk, psykisk og sosialt. Omsorg dreier seg òg om at ungdommen skal vite at dei alltid har vaksne dei kan gå til, og at dei ikkje er for store til å be om hjelp.

Gruppe med ungdommar. Foto.

Ungdommar treng mykje omsorg, sjølv om enkelte kanskje uttrykkjer noko anna. Det er store skilnader på kor sjølvstendige ungdommar er, og nokre av dei ungdommane som barne- og ungdomsarbeidaren jobbar tett med, kan ha behov for ekstra omsorg i denne fasen av livet.

Å byrje på ein ny skule

Enkelte ungdommar gruer seg til å byrje på ungdomsskulen eller vidaregåande skule. Nokre gruar seg så mykje at dei treng å møte deg på førehand og gjere avtalar om at du er der og møter dei den første dagen. Det at det finst ein barne- og ungdomsarbeidar som viser dei ekstra omsorg i friminutta og fritimane, og som kan vere i nærleiken til dei kjenner seg trygge nok til å vere åleine, er for enkelte heilt avgjerande for korleis opplevinga av skuledagen blir.

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du prøve å bli kjend med ungdommane på ein måte som gjer at du forstår kva omsorg dei treng. Det viktigaste er å vere til stades og prate med dei, og at du viser at du er interessert i det dei driv med.

Dei fleste ungdommane liker merksemd og kjensla av å vere viktige. Ta imot ein klem dersom du får ein, og lytt til det dei har å fortelje. Spør om konkrete hendingar, for eksempel korleis konserten gjekk, eller om han fekk kjøpt den mopeden han såg på i går. Du kan vise omsorg utan ord. Blikkontakt eller eit klapp på skuldra kan i nokre samanhengar seie meir enn ord.

Mange ungdommar er usikre på sine eigne kjensler og sitt eige sjølvbilete. Det er vanleg at ungdommar kan ha tunge periodar, og i alvorlege tilfelle kan eteforstyrringar, depresjon og tanken på sjølvskading og sjølvmord dukke opp. Det arbeidet ein barne- og ungdomsarbeidar kan gjere i slike situasjonar, er å vise at han eller ho bryr seg, og signalisere at «eg er her dersom du treng meg». Du skal òg sjølvsagt melde frå til ein overordna på arbeidsplassen dersom du uroar deg for nokon.

Barne- og ungdomsarbeidarar som arbeider i skulen, jobbar ofte med elevar som har ei eller anna form for funksjonsnedsetjing. I ungdomsalderen vil enkelte i denne gruppa ha behov for ekstra omsorg fordi liva deira blir annleis enn for resten av gruppa. Enkelte kan trenge hjelp til å finne si eiga rolle, sin plass i gruppa, og finne ut av korleis dei skal leve livet med den funksjonsnedsetjinga dei har.

Å bry seg

Enkelte ungdommar gjer dumme val. Enkelte byrjar å ruse seg, nokon driv uforsvarleg køyring, mens andre kan ha mange seksualpartnarar, skulke skulen eller gjere andre ting. Ein del av omsorga er då å bry seg og prøve å hjelpe ungdommen så tidleg som mogleg. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du ikkje løyse slike problem åleine, men saman med kollegaene dine.

PPT på skulen, sosiallæraren eller rådgivaren, helsestasjon for ungdom, fastlege og psykiatrisk helsepersonell har kompetanse på ungdom og kan vere aktuelle instansar å kontakte dersom du er uroleg. Det er ofte slik at den unge sjølv ikkje vågar å søkje hjelp eller rett og slett ikkje er klar over at det finst hjelp. For enkelte er det skremmande og truande å skulle ta imot hjelp frå framande vaksne menneske. Som barne- og ungdomsarbeidar kan du fortelje om dei ulike tenestene og for eksempel hjelpe til med å avtale ein time hos helsesyster eller fastlegen.

Det kan vere vanskeleg å finne balansen mellom nærleik og distanse til eit menneske som har behov for hjelp. På den eine sida skal du vere lyttande og møte vedkommande i tankane og opplevingane hans eller hennar, mens du på den andre sida må greie å vere klar over kva tiltak du kan setje i verk. Difor er det viktig at du hjelper til med å skaffe profesjonell hjelp tidleg.

Utfordringar til deg

  1. Nemn situasjonar der ungdom har behov for omsorg.
  2. Kva trur du er grunnen til at ein del ungdom ikkje vil vise at dei har behov for omsorg?
  3. Kva ville du gjort om du visste at ein elev grudde seg veldig til å byrje på skulen?
  4. Kva for hjelpeapparat kan du bruke dersom ein ungdom slit? Finn ut korleis du kontaktar dei ulike instansane.
  5. Kvifor kan ungdommar med funksjonsnedsetjingar ha behov for ekstra omsorg?
  6. Korleis viser du som barne- og ungdomsarbeidar omsorg når du veit
    – at ein 12-åring sniffar lim?
    – at ein 15-åring har mange seksualpartnarar?
    – at ein 17-åring drikk store mengder alkohol kvar veke?
    – at ein 18-åring driv villmannskøyring?
  7. Som fagarbeidar på ein ungdomsskule ser du at Toril har forandra seg den siste tida. Ho går i 9. klasse og har byrja å slurve med leksene, noko ho aldri gjorde før. Ho kjem for seint til skulen enkelte dagar, og i timane verkar ho trøytt og uopplagd. Når du prøver å snakke med henne, svarar ho unnvikande og litt frekt. Du får inntrykk av at ho er mykje saman med eldre ungdommar, men dette veit du for lite om.
    Kva vil du gjere? Diskuter dette i klassen, og lag ulike forslag til løysingar.

Læringsressursar

Omsorg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter