Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. Omsorg for skulebarnaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omsorg for skulebarna

Å byrje på skulen er å innleie ein ny fase i livet. Det er spennande å bli kjend med eit nytt system og med nye menneske. Barna byrjar å bli nokså sjølvstendige når dei byrjar på skulen, men dei treng omsorg frå både kompisar og vaksne for å kunne utvikle seg i eit trygt læringsmiljø.

Jente tegner på en tavle i et klasserom. Foto.

Skulestart

Når 5–6-åringane byrjar på skulen, er det ein overgang til noko nytt.
Barna er som regel spende på kva som møter dei, og korleis dette vil bli, og då må vi som vaksne vere merksame på det. Du må lytte merksamt til kva elevane treng, og svare dei på ein slik måte at barna oppfattar at du forstår dei. Omsorg er mellom anna å kunne setje seg inn i situasjonen til barna og prøve å forstå verkelegheita deira.

Skulestartarane er vande med rutinane i barnehagen, og for nokre kan overgangen til skulen bli stor. På skulen blir det forventa at barna skal vere meir sjølvstendige enn i barnehagen og ordne ting sjølve. Det er heller ikkje like mange vaksne på skulen som i barnehagen. Som barne- og ungdomsarbeidar har du ei viktig rolle å fylle her. Det er viktig å bli kjend med barna og vise at du bryr deg om dei, for eksempel at du kan namna deira.

Barna skal lære å ta hand om seg sjølve og bli sjølvstendige. Hjelp barna inn i rutinane, og ver tolmodig. Seksåringane kan trenge litt støtte for å hugse alt og få med seg ting og beskjedar. Dei må øve seg og oppleve at det gir godkjenning og respekt, og at det er rom for å prøve og feile.

Rolla til fagarbeidaren

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du ofte få ansvar for barna i friminutta. Her vil det oppstå ei rekkje situasjonar der du må vere merksam på kvart enkelt barn:

  • Barn kan falle å slå seg.
  • Nokre kan bli utestengde frå leiken eller bli mobba.
  • Nokre kan gå mykje åleine.

Omsorg inneber at du gjer det du kan for at alle barna skal oppleve friminutta som trygge og gode.

Å setje grenser

Enkelte gonger kan du som barne- og ungdomsarbeidar oppleve at du handlar mot ønska og viljen til elevane. Det er ikkje sikkert elevane har lyst til å gjere det skulen krev av dei, og det er ikkje alltid barna greier å vurdere kva som er det beste for dei. Når du må handle mot ønska og viljen til barna, er det viktig at du lyttar til dei og viser innleving i synspunkta og opplevinga deira. Samtidig må du forklare kvifor de måtte gjere det de gjorde.

Å ta barneperspektivet inneger at dei vaksne prøver å forstå barnet ut frå ståstaden deira og respekterer ytringane deira.

Eksempel

Barn kan ikkje bestemme at dei vil gå utan lue når dei skal ut og leike om vinteren, men dei kan avgjere kva farge lua skal ha.

Curlingforeldre

I den seinare tida har omgrep som curlingforeldre og forhandlingsbarn dukka opp i media. Som barne- og ungdomsarbeidar kan du kome i ei curlingrolle dersom du tek ansvar for ting barna eigentleg bør greie å løyse sjølve. Ved at vi vaksne skal ordne opp i alle problem og utfordringar for barna, kan barna bli lite sjølvstendige, og dei får lite trening i å ordne opp i ulike situasjonar på eiga hand. Det ligg mykje omsorg i det å gi barna sjansen til å ordne opp sjølv.

Utfordringar til deg

  1. Kva for omsorgsbehov trur du skulestartarane har den første tida på skulen?
  2. Tenk på din eigen skulegang. Kva for vaksne på skulen var viktige for deg, og kvifor?
  3. Diskuter omgrepa curlingbarn og sevicebarn. Kvifor trur du dei har blitt ein del av samfunnsdebatten?
  4. Skriv ein tekst med utgangspunkt i teikninga til Knut Høihjelle.
  5. Skildre barne- og ungdomsarbeidaren si rolle i friminutta.

Læringsressursar

Omsorg