Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sorg

Vi beskriv ofte sorg som ein reaksjon på tapet av noko eller nokon som har vore viktige for oss eller stått oss nær. Det kan vere eit kjæledyr, ein kjenning, ein venn eller ein familiemedlem.

Blomst. Foto.

Det kan òg vere eit menneske vi aldri har kjent, for eksempel Michael Jackson, eller ein ting som har vore viktig for oss.

Sorg er ein reaksjon som òg kan oppstå som følgje av eit sjokk eller ei endring som eit barn eller ein ungdom kan ha vanskar med å handtere på ein fornuftig måte. Sorg kan oppstå dersom mor og far flyttar frå kvarandre og blir skilde. Sorg kan vere ein naturleg reaksjon dersom eit barn må flytte til ein ny by og opplever å miste alle vennene sine.

Eit slikt tap, eller ei uventa og stor endring, kan for mange barn og unge vere smertefullt. Dei fleste av oss kan kjenne att den smertefulle kjensla av sorg og sorgreaksjonen etterpå. Korleis barn og unge reagerer på sorg, varierer. Det er difor viktig at vi aldri bagatelliserer kjenslene til eit barn med ytringar som «det var jo berre ein hund», «de kjem sikkert til å treffe kvarandre ein gong igjen» eller «du kjende han jo ikkje eingong». Slike kommentarar gjere ofte vondt verre.

Korleis barn og unge reagerer på sorg, varierer også mykje frå barn til barn. Generelt kan vi sjå nokre fellestrekk hos dei som opplever sorg. Det kan vere at dei saknar personen som har gått bort, tingen som er mista eller forelderen som har flytta.

Nokre vanlege sorgreaksjonar kan vere frykt, redsle, sinne, gråt, mindre energi og ei generell kjensle av motløyse. Også påtrengjande – og nokre gonger vonde – minne kan skape sorgreaksjonar hos barn og unge. Å måtte tilpasse seg ein ny kvardag som følgje av tapet eller den vanskelege endringa gjer òg ein del barn utrygge.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du beskrive sorg?
  2. Kva kan utløyse sorg hos barn og unge?
  3. Kvifor skal du ikkje bagatellisere kjenslene som barna har?
  4. Kva reknar vi som typiske reaksjonar på sorg?
  5. Gjer greie for korleis barn i ulike aldrar reagerer på sorg.
  6. Kva for teikn bør du som barne- og ungdomsarbeidar vere merksam på når det gjeld barn og sorg?
  7. Gi eksempel på hjelpemiddel vi kan bruke når vi skal snakke med barn og unge om sorg.
  8. Sjå filmen «Når mor eller far får kreft». Diskuter innhaldet i klassen.

Læringsressursar

Omsorg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter