Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omsorg i barnehagen

Det er store skilnader på kor gamle barna er når dei byrjar i barnehagen. Enkelte barn byrjar før dei er 1 år, mens andre byrjar seinare.

Barn som leikar i barnehagen. Foto.

Første gong i barnehagen

Når barna byrjar i barnehagen, er det viktig at dei blir møtte med tryggleik og omsorg. Både barn og foreldre skal kjenne seg velkomne. Foreldra må kjenne at du som vaksen er der for å ta deg av barna deira. Oppgåva di er å skape tryggleik og tillit i forholdet til både foreldra og barna.

Barna må få bruke tid på å bli kjende, og dei første dagane bør barnet og foreldra vere saman i barnehagen. Barn kjem ofte fort i kontakt med kvarandre, og mange finn andre barn å leike med eller noko å gjere relativt fort. Andre barn bruker lengre tid og har vanskelegare for å sleppe foreldra. Å lausrive seg frå foreldra kan opplevast som skremmande, sidan barn ofte har hatt få, men nære personar rundt seg i starten av livet.

Når barna synest det er vanskeleg at foreldra må gå, er dei ofte leie seg og græt mykje. Det å vere nær barna, akseptere at dei græt og er leie seg, og setje ord på det for dei kan vere ei hjelp. Som vaksne kan vi aldri tvinge nokon til å for eksempel å trivast eller slutte å gråte. Det er indre kjensler som berre barnet sjølv styrer.

Rammeplanen for barnehagen slår fast at personalet i barnehagen er forplikta til mellom anna å vise omsorg og skape tryggleik og gode læringsvilkår for alle barn. Barnehagen skal ta imot barn og foreldre med opne armar, setje seg inn i situasjonen deira og skape tryggleik og gode føresetnader for barnet.

Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du har tenkt over korleis det første møtet med barnehagen kan opplevast for barnet. Korleis er det å møte noko som er framandt og nytt?

Grunnleggjande behov

Barnehagane har sin eigen dagsrytme som bestemmer når det skal vere aktivitetar, og når dei ulike rutinegjeremåla som for eksempel mat og stell skal føregå. Faste daglege rutinar skaper tryggleik for dei minste barna og legg grunnlaget for ei god utvikling.

I behovspyramiden til Maslow kjem det fram at dei kroppslege behova for mat, søvn, tryggleik og så vidare må vere dekte før du kan motivere barna til å komme på eit høgare nivå i pyramiden. Du kan lese meir om Maslows behovspyramide

Under finn du nokre eksempel på rutinesituasjonar i barnehagen som vi kan bruke til å skape gode omsorgsrelasjonar.

Ved stellebordet
Å stelle små barn inneber mellom anna å sørgje for at barnet har det reint og tørt, altså at vi skiftar bleie med jamne mellomrom.

Bruk god tid på kvart enkelt barn når du skiftar bleie. Du har eit godt høve til å kommunisere med barnet og kanskje snakke litt om ulike hendingar. Du kjem i nær relasjon til barnet og kan godt nytte høvet du har til å få augekontakt med barnet, le saman, syngje saman eller skape ein god atmosfære på andre måtar.

Under stellet kjem du nært inn på barnet, og du bruker sansane dine til å sjå om barnet har det bra. Du kjenner om barnet er varmt, ser om det har bleieutslett, og høyrer om barnet kjenner seg trygt på stellebordet. Det ligg mykje omsorg i å vere open for desse inntrykka og tolke dei til beste for barnet.

Barn bruker bleie dei første åra av livet sitt. Det varierer frå barn til barn kor tidleg dei byrjar å gå på do og greie seg utan bleie.

Når du skal stelle barn, må du ta omsyn til tryggleik. Gå aldri frå barnet åleine på stellebordet, og sørg for å ha alt du treng, i nærleiken. Å ta vare på tryggleiken til barna er ein viktig del av omsorga.

Påkleding

Å ha gode og praktiske klede er viktig for at barna skal få utfalde seg og leike.

Klede som er tronge, gir lite rørslefridom, og barna kan bli ståande mykje stille. Det fører ofte til at barna frys, og då er det ikkje så artig å vere ute. Det same gjeld for dei kleda dei bruker inne. Sjølv om dei kanskje ikkje frys, er det ubehageleg å gå med klede som strammar eller er for små.

Når barna leiker inne, kan det vere stor aktivitet, og barna kan lett bli sveitte. Det er ikkje alle barn som kjenner om dei er varme eller kalde sjølve, så då treng dei hjelp til å regulere dette.

Barn treng hjelp til å kle på seg i større eller mindre grad. Sørg uansett for at barna er påkledde etter forholda, frå inst til ytst.

Når det er kaldt ute

Ullundertøy er behageleg og godt å ha inst. Det er lett og varmt på kroppen. Enkelte barn synest det klør med ull, og då kan superundertøy eller tynn fleece vere eit godt alternativ. Når du skal ta på ein utedress, må du passe på at undertøyet ikkje sklir opp og legg seg krøllete under dressen. Det skal vere behageleg, lett å røre seg og varmt nok for barna.

Kva som er varmt nok, endrar seg heile tida, så det må du vurdere saman med dei andre vaksne i barnehagen. Det kan variere frå barn til barn kor mykje klede dei treng å ha på seg, både når dei er ute, og når dei er inne. Enkelte er varme av seg, mens andre liker å ha på seg meir klede.

Kva vottar du vel, har òg noko å seie for aktiviteten til barnet ute. Tynne fingervottar kan bli kaldt om vinteren, og tjukke polvottar gjer det vanskeleg for barna å gripe leiker. Tynne polvottar, fleecevottar eller regnvottar med ullhanskar inni kan vere gode alternativ. Barna blir ofte våte på vottane, så du må sørgje for at dei har med seg skift og byter til tørre klede.

Det same gjeld for sokkar og sko.

I nokre periodar av året kan det vere vanskeleg å vite kva som er riktig utstyr, og det er viktig å snakke med foreldra om å ha med seg fleire skift.

Det ligg mykje omsorg i å sørgje for at barna er godt og riktig kledde for alle høve. Då gjer sitt til at barna har det godt og trivst med seg sjølve.

Når eit barn søv ute i vogn, må du alltid vere merksam på kva temperatur det er. Det er viktig å tenkje over og følgje med på kor mykje klede dei har på seg og over seg.

Dei barna som søv inne i seng eller liknande, kan godt ha litt mindre klede på seg, men her speler det òg ei rolle kor kaldt det i på rommet, kva barnet har over seg, og så vidare. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere i stand til å vurdere kva som passar i dei enkelte tilfella. Synest du det er vanskeleg, må du rådføre deg med kollegaer på arbeidsplassen.

Klede i bomull

  1. Kva for eigenskapar har bomull?
  2. I kva for vêr er bomull best?
  3. Korleis vil du bruke bomullsklede på barn?

Ullklede

  1. Kva for eigenskapar har ull?
  2. Kvifor er det viktig å kle seg med ull inst mot kroppen?
  3. Kva er kunstfiber?
  4. Kva for eigenskapar har kunstfiber?
  5. Korleis vil du kle på eit barn som skal ut og leike når det er kaldt om vinteren?
Kvile og søvn i barnehagen
Liten gutt som sover.foto

Enkelte barn treng å sove både ein og to gonger i løpet av ein barnehagedag. Andre kan få dekt behovet med berre å slappe av litt utan å sove. Ei av omsorgsoppgåvene du som barne- og ungdomsarbeidar har, er å sjå når barn treng kvile eller søvn.

Søvn i barnehagen

I enkelte barnehagar søv dei små barna i senger inne, mens andre bruker madrassar på golvet. Uansett bør barnet ha sin eigen plass å sove på, der barnet kjenner seg trygt, og der det har si eiga dyne og pute.

Enkelte barn søv ute i vogn. Det er ein god plass å kvile, men det er ein del ting du skal vere merksam på:

  • Plasseringa av vogna både i forhold til vind eller trekk og sol er viktig. Om sommaren kan vogna lett bli ståande i sola sjølv om du sette henne i skuggen.
  • Vogna må alltid vere under tilsyn av vaksne.
  • Sirkulasjonen av luft er mindre i ei vogn.
  • Ver nøye med kva klede du lèt barna liggje å sove i. Det kan fort bli for varmt eller for kaldt.
  • Sjekk temperaturen til barnet, og ikkje berre på hendene.
  • Bruk alltid myggnetting slik at kattar og andre dyr ikkje kjem inn til barnet.
  • Sjekk at vogna står støtt.
  • Sjekk at vogna er godt isolert i botnen.

Kuldegrense

På nettsidene til Norges Astma- og Allergiforbund får ein lege spørsmål om kuldegrensa for å late barn sove ute i vogn:

Kva er kuldegrensa for å vere ute med astmabarn på 1–3 år? Kva er kuldegrensa for at dei ikkje bør sove ute i vogn?

Legen svarar:

Kald luft blir nok tolerert noko ulikt før eit astmabarn blir dårleg, og det erfarer nok dei fleste foreldre. Men lat meg likevel prøve å gi nokre generelle råd.

Avkjølinga av lufta blir større di meir det blæs. Lat difor barnet vere i le for vinden. Kor lenge barnet er ute i kulda, er òg avgjerande. Kortare turar i 10 minusgrader kan gå bra, mens soving ute for eit astmabarn ved same temperatur kan bli for mykje. Er barnet inne i ein god fase, kan 5 minusgrader vere ei grei grense. Er han eller ho dårleg, er det betre å sove inne med ope vindauge for å få frisk luft.

Etter kvart som barna blir eldre, toler dei sjølvsagt meir kulde i dei gode periodane.

Vennleg helsing barnelege Thor-Øistein Endsjø.

Kjelde: Norges Astma- og Allergiforbund

Grensesetjing

Barn treng hjelp til å setje grenser. Det kan opplevast som vanskeleg å avgjere kva barn skal få lov til og ikkje, men sjølv om det er vanskeleg, er det nødvendig. Barn treng omsorgsfulle rammer rundt seg, og det at vaksne er tydelege og snakkar med dei om det, skaper tryggleik. Grenser kan vere forskjellige heime og i barnehagen, men barna lærer fort å innrette seg i ulike miljø.

Barn med ekstra behov for omsorg

I alle barnehagar vil det vere barn som har behov for ekstra omsorg i det daglege. Det kan vere for ein kortare eller lengre periode, på grunn av sjukdom, funksjonshemmingar eller ting som skjer i livet til barnet. Enkelte barn kan ha vanskeleg for å setje ord på behova sine, og då må du vere ekstra merksam.

Utfordringar til deg

  1. På kva for måte vil du møte nye barn og foreldra deira første dagen i barnehagen?
  2. Kva vil du snakke med dei om første gongen de møtest?
  3. Ta kontakt med ulike barnehagar og finn ut kva for rutinar dei har for å ta imot nye barn og foreldre i barnehagen.
  4. Du skal ta hand om både dei vaksne som er med barnet, og barnet sjølv. Kva for utfordringar ser du i det?
  5. Alderen på barnet har mykje å seie for korleis vi kommuniserer, og kva behov dei har. Har det noko å seie for tilvenjinga til barnehagen?
  6. Korleis kan du bruke rutinesituasjonane til å skape tryggleik i relasjonen mellom deg og barnet?
  7. På kva måte vil du knyte omgrepet omsorg til behovspyramiden til Maslow?
  8. I enkelte barnehagar seier dei at «det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede». Drøft utsegna i klassen. Kva tyder det?
  9. Kvifor er det viktig med gode og praktiske klede i barnehagen?
  10. Ein av foreldra i barnehagen har aldri med ekstra skift til barnet sitt. Korleis vil du handtere det?
  11. Kva gjer du dersom eit av barna ikkje vil ha vottar på seg når det skal ut vinterstid?
  12. Sjå filmane om bomullsundertøy og ullundertøy. Kva kan du lære av desse filmane?

Læringsressursar

Omsorg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter