Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. Profesjonell omsorgChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Profesjonell omsorg

Rammeplanen for barnehagar og Kunnskapsløftet for skulen legg føringar for korleis vi forpliktar oss til å vise omsorg for barn og unge i det daglege arbeidet vårt.

Lita jente med hestehov bak øret på fanget til en dame.Foto.

Profesjonell omsorg

Omsorg er ein del av innhaldet i barnehagen og skulen og blir tradisjonelt knytt til den sosiale og emosjonelle utviklinga. I skulen har omsorg vore knytt til det å ta hand om utviklinga til elevane, og i barnehagen har ho vore ein sentral del av innhaldet i kvardagen. Omsorgsomgrepet blir brukt ulikt. Som barne- og ungdomsarbeidar blir du ein profesjonell omsorgsgivar.

Både vaksne og barn forventar at du kan ta ansvar og sjå kva for behov barn og unge har for omsorg. Du har kompetanse på området i kraft av stillinga di som fagarbeidar, og du skal late deg røre og bevege av situasjonen og opplevinga til barnet. Det betyr at du må vere i stand til å vurdere og reflektere over kva som er til beste for barn og unge. Desse vurderingane gjer du saman med kollegaene dine på arbeidsplassen, men det er viktig at du har eit medvite forhold til dine eigne haldningar og verdiar.

Kort tilbakeblikk

Omsorgsarbeid har utvikla seg frå å vere ei oppgåve for familien til å bli ei oppgåve det offentlege har teke på seg i større grad. Historisk sett var det familien si oppgåve å ta vare på dei næraste.

les mer

Foreldra tok seg av barna sine, dei hadde ansvar for sine eigne foreldre og for dei som elles var gamle og sjuke. I mange familiar budde fleire generasjonar saman, og alle hjelpte kvarandre med arbeidsoppgåvene. No er mange av dei arbeidsoppgåvene som før var knytte til familien, blitt offentlege, og vi har fått institusjonar som utfører profesjonell omsorg. Den private omsorga eksisterer framleis i familien, og ho er ein viktig del av oppveksten til barn og unge. Vi veit at dei nære omsorgsrelasjonane er svært viktige for utviklinga til barn, og dette er det heilt nødvendig å ta vare på. Samtidig er òg den profesjonelle omsorga ein del av oppveksten til barn og unge i dag, og ho krev ein type kompetanse som blant anna du som barne- og ungdomsarbeidar er i ferd med å tileigne deg. Det forpliktar, og det betyr at du som omsorgsarbeidar må følgje ein del lovar og reglar.

Kultur

Noreg er eit fleirkulturelt samfunn, og her møter du barn og unge som har ulike røynsler og verdigrunnlag når det gjeld omsorg. Det vi i Noreg legg i god omsorg, treng ikkje vere det same som i andre kulturar. Som yrkesutøvar følgjer du norske lovar og forståingar av kva god omsorg er. Det er ulike oppfatningar av kva god omsorg er, og det må vi respektere så lenge det blir gjort ut frå tanken om barnet sitt beste. Samtidig må du hugse at du ikkje kan godta ting som ikkje er tillatne i norsk lov, sjølv om foreldra argumenterer med at det er til beste for barnet. Det er til dømes ikkje lov å slå barn sjølv om nokre hevdar at dei gjer det til beste for barnet.

Rollemodell

Barne- og ungdomsarbeidaren skal møte barn og unge på ein måte som gir tryggleik og tillit i forholdet. Korleis vi møter menneske, er vesentleg i utøvinga av omsorg. Måten vi møter andre menneske på, seier noko om kva menneskesyn vi har, og korleis vi tenkjer at menneske skal ha det. Det speglar igjen vår eigen oppvekst og korleis vi sjølve har opplevd omsorg.

Som tidlegare nemnt har vi eit ansvar for det som er nedfelt i lovverket, og vi må ha eit medvite forhold til korleis vi sjølve utøver omsorg, og kva vi legg i omgrepet.

Når barn og unge opplever at du kommuniserer og handlar på ein slik måte at dei føler seg tekne vare på og sedde, vil dei oppleve at du gir tryggleik og omsorg. Når dei ser at du kan ta imot omsorg frå andre når du treng det, viser du at alle har behov for og rett til nærleik og hjelp.

Makt

BUA-rolla er ei vaksenrolle, og overfor barna er det alltid dei vaksne som har det største ansvaret for å gi omsorg og vere merksame på det barnet treng. Det betyr at forholdet mellom vaksen og barn ikkje er likestilt, og at vaksne står i fare for å bestemme kva som er best for barnet, utan å sjekke det med barnet først.

Som vaksne skal vi vere merksame på denne faren og tenkje over at vi faktisk er i ein maktposisjon i forhold til barnet. Viss vi greier å vere medvitne om dette og bruke den makta som ligg i relasjonen mellom vaksne og barn, på ein god måte, hjelper vi til å skape utvikling og vekst hos barnet.

Etikk

Vi har eit etisk ansvar overfor både barn, unge og vaksne. Det betyr at vi må ta ansvar i dei situasjonane vi er i til kvar tid, og handle ut ifrå det vi meiner er omsorgsfullt og etisk forsvarleg. Når ein situasjon oppstår, må vi som regel handle raskt og intuitivt. Då er det viktig at du har arbeidd med dine eigne haldningar og verdiar slik at du kan grunngi valet og handlinga du gjorde i situasjonen. Haldningane og verdiane du har, er sjølve grunnlaget for korleis du handlar i ulike situasjonar. Dei refleksjonane du gjer rundt ulike handlingsalternativ, er med på å utvikle di eiga profesjonelle forståing av og dine eigne haldningar til faget.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan vi møte barn og unge på ein måte som skaper tillit og tryggleik?
  2. Kva er forskjellen på omsorgsomgrepet før og no?
  3. Kva er profesjonell omsorg?
  4. Kva tenkjer du er vesentleg i utøvinga av omsorg?
  5. I kva for situasjonar opplever du å ha makt? Korleis bruker du det på ein god måte?
  6. På kva måte lærer vi barn og unge å vise omsorg for kvarandre?
  7. Korleis taklar du å bli avvist når du vil gi nokon omsorg?
  8. På kva måte grip du inn når du ser at andre ikkje har det bra?
  9. Diskuter kva vi meiner med at omsorgsomgrepet kan innehalde ulike ting i ulike kulturar.

Læringsressursar

Omsorg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter