Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis vise omsorg?

Omsorg er ein grunnleggjande del av arbeidet med menneske, og å kunne vise omsorg er ein av dei viktigaste eigenskapane hos barne- og ungdomsarbeidaren.

To venner. Foto.

Alle menneske er avhengige av omtanke og omsorg frå andre. Enkelte treng ekstra omsorg på grunn av alder, funksjonsnivå eller andre årsaker. For nokre kan det gjelde ein kort periode, mens andre har behov for ekstra omsorg heile livet.

Som barne- og ungdomsarbeidar viser du mykje omsorg i det daglege arbeidet. I rutinesituasjonane tek vi hand om kvart enkelt individ sitt behov for mellom anna stell, mat og kvile. I desse situasjonane kjem vi nær barna og har eit flott høve til å vise omsorg.

Desse eksempla er tenkte med utgangspunkt i relasjonen mellom barne- og ungdomsarbeidar og barn, men kan òg overførast til andre relasjonar.

Korleis bry seg?

Å setje grenser for barna kan vere ein måte å bry seg på.
Ein annan måte er å gi trøyst når barna treng det.

Uansett kor gamle vi er, har vi eit behov for trøyst når noko buttar litt imot. Små barn som får eit sår på fingeren, treng like mykje trøyst som større barn. Ungdommar med kjærleikssorg treng like mykje trøyst som vaksne med kjærleikssorg.

Behovet for trøyst er alltid til stades, men korleis barn og unge signaliserer at dei har behov for trøyst, blir meir kontrollert med alderen.

Barn treng tydelege vaksne som set gode rammer rundt dei. Ein vaksen som bryr seg, er mellom anna ansvarsfull og varm og ein som set tydelege grenser og respekterer kvart enkelt barn. Barn og unge treng hjelp i konfliktsituasjonar. Det å vere ein vaksen som kan lytte og setje ord på situasjonen, kan vere vanskeleg, men nødvendig.

Når den vaksne går inn i ein konflikt, viser han eller ho omsorg med å bry seg, delta og ta ansvar for å hjelpe til. I konfliktsituasjonar treng begge sider i konflikten å bli sedde.

Mange vaksne kvir seg for å bry seg og er redde for å blande seg inn i ting. Andre vaksne kan bry seg om alt og blande seg inn i det meste. Som profesjonell yrkesutøvar er det oppgåva di å finne ut når du skal bry deg, når du skal setje grenser, og når du ikkje skal blande deg inn.

Det er ingen motsetnad mellom å vise omsorg og å setje grenser eller hjelpe barn og unge til å finne løysingar på konfliktar. Det er tvert imot to sider av same sak.

Å vite når vi skal gi omsorg og bry oss, er ikkje alltid så lett. Diskuter gjerne temaet med klassen din eller kollegaene dine. Hugs at barnet sitt beste alltid skal stå i sentrum.

Aktiv lytting

Å vere lyttande tyder at du ikkje berre passivt observerer og høyrer kva barn og unge har å seie, men at du aktivt er til stades og tek ansvar overfor det dei fortel.

Kvinne som visker i øret til en mann.Foto.

Merksemda di skal vere på den som fortel, og du følgjer opp med smil og anna kroppsspråk, spørsmål og kommentarar. Du må vise at du høyrer kva dei seier, og at du tek opplevinga deira på alvor. Når du gjer det, viser du samtidig respekt og interesse for det dei fortel. Det krev nærvær frå deg, og du må tore å ta imot det barn og unge fortel. Dialogen er ein føresetnad for ein god relasjon mellom deg og barn og unge.

Ofte tenkjer vi kanskje meir på det vi sjølve skal seie, enn det dei andre seier, og plutselig opplever vi at vi ikkje har høyrt kva dei andre har sagt.

Som barne- og ungdomsarbeidar må du hugse å lytte til alle barn og unge, både dei som krev merksemd sjølv, og dei som er stille og tilbakehaldne. Dei stille må vi kanskje arbeide aktivt med for å få dei til å snakke. Då er det viktig at du lyttar til det dei har å seie, og roser dei for initiativet. Ein del av omsorga for desse barna er å vere medviten om at dei kan ha opplevingar som dei treng å arbeide med eller få hjelp med før dei kan bli meir deltakande og munnleg aktive.

Dersom du har dårleg tid, er det betre å seie det og heller be dei komme tilbake litt seinare, for er det noko barn og ungdom merkar, så er det at du ikkje lyttar til dei. Du kan høyre barn seie «du høyrer ikkje på meg, du» eller «eg har sagt det til deg før».

Det kan vere vanskeleg når fem barn snakkar til deg samtidig og vil ha merksemda di. Då er ein del av omsorga å lære barna at du ikkje kan høyre på alle på ein gong, og at dei må lære seg å vente på tur.

Å sjå

Det er mange spørsmål knytte til blikket og til augneblinken. Å sjå er ikkje berre å sjå. Kva ser vi? På kva måte ser vi? Kva er det vi oppfattar, når vi ser? Kva vil vi sjå?

Jente som ser i kikkert. Foto.

Korleis ser vi?

Det er viktig å kunne sjå andre på ein måte som gjer at dei kjenner seg sedde og ivaretekne som menneske. Det er òg viktig å kunne sjå seg sjølv i forskjellige samanhengar. Vi har vel alle møtt eit surt blikk eller eit varmt blikk? Det er stor skilnad på blikk, og blikka vi får, kan fortelje oss mykje om menneska vi har rundt oss. Med blikket kan vi kommunisere omorg og forståing. Auga våre har vanskeleg for å lyge.

Eksempel

Du kan høyre at ungdommar seier: «Nei, eg vil ikkje gå til rådgivaren, for han ser så sur ut.» Og så har dei kanskje aldri snakka med rådgivaren. Dei har berre skaffa seg eit bilete av korleis han er, ut ifrå kroppsspråket hans og tolkinga deira av det.

Er det slik at vi stoler meir på kroppsspråket enn på orda som blir sagt?

Å bli sett er svært viktig for alle menneske og omfattar fleire aspekt:

  • å sjå meg som menneske
  • å sjå at eg er til stades
  • å sjå at eg er glad og vil fortelje noko
  • å sjå at eg har det vanskeleg

Nokre av dei barna som har hatt ein vanskeleg oppvekst og barndom, seier når dei har blitt vaksne: «Nokon må ha sett noko, eg forstår ikkje kvifor ingen spurde meg.»

Denne utsegna viser kanskje kor lett det er å ikkje ta ansvar, sjølv om vi veit at vi skal gjere det. Det er ikkje alltid lett å gå inn i situasjonar som krev mykje av oss. Mange opplever det òg som tyngjande og skremmande, og då er det enklare å late vere å seie noko om det vi eigentleg veit. Det blir stilt andre krav til deg som yrkesutøvar enn som privatperson, og du skal ta ansvar, sjå og gi hjelp til barn og unge når dei treng det.

Altså: Når vi ser, har vi eit ansvar for det vi ser. Vi må gå inn i situasjonar der vi ser at barn og unge treng hjelp og omsorg, og handle ut ifrå det vi meiner er etisk forsvarleg, og det lovverket pålegg oss. Dersom vi ser at nokon treng hjelp ut over vårt eige kompetanseområde, må vi melde frå om det. For eksempel skal ein barne- og ungdomsarbeidar alltid snakke med ein av kollegaene sine når han uroar seg for om eit barn er utsett for omsorgssvikt.

Like viktig er det å gi tilbakemelding på dei gode situasjonane vi ser. Det å bli sett handlar ofte om enkle ting, som at nokon seier hei, seier namnet ditt eller stiller deg eit spørsmål. Det at du lærer namna på dei barna du skal jobbe med, er viktig for mellom anna sjølvkjensla til barnet og gir ei oppleving av å bli sett.

Enkelte barn opplever at ingen snakkar til dei, at dei sit ved pulten sin time etter time utan at nokon merkar dei. Desse blir ofte kalla dei stille barna. Det er dei vi liksom ikkje ser.

Andre ser vi heile tida, fordi dei lagar uro og støy rundt seg. Det er barn og unge som krev merksemd frå deg.

Vi ser og observerer heile tida, og du som barne- og ungdomsarbeidar må vere medviten om det. Tenk over kva du ser, på kva måte du ser, og kva du gjer med det du ser.

Å gi omsorg til andre

Når vi gir omsorg til andre, er det nødvendig å vere merksam på korleis den andre synest det er å få omsorg. Enkelte barn er veldig glade i ein klem og vil gjerne sitje på fanget og kose. Andre liker ikkje det og har heilt andre grenser for kva dei synest er greitt av nærleik. Det vil ikkje seie at den andre ikkje vil ha omsorg, men at vi må gi omsorg på forskjellige måtar. Respekt for dei signala barnet gir, er viktig, og dersom du klemmer eit barn som ikkje liker det, kan det bli det motsette av omsorg.

Alle menneske har forskjellige måtar å vise og ta imot omsorg på. Det er avhengig av kva miljø vi veks opp i, og kva vi har av opplevingar og erfaringar knytt til omsorg.

Utfordringar til deg

  1. Kva tyder omsorg for deg?
  2. På kva måte gir du omsorg til andre?
  3. Drøft denne påstanden: «Det er lettare for den vaksne å gi omsorg til små barn enn til barn som har komme litt opp i skulealder.»
  4. Kva vil det seie å lytte aktivt?
  5. På kva måte kan grensesetjing vere ein del av omsorgsomgrepet?
  6. Kva kan du gjere dersom du ser at barn og unge ikkje har det bra?
  7. Er det slik at nokre av dei barna som skaper uro, gjer det for å bli sedde?
  8. Er det slik at desse barna får for lite omsorg? Diskuter gjerne i klassen, og tenk over kva for måte du ser barn og unge på.

Læringsressursar

Omsorg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter