Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. Kva kan omsorg vere?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva kan omsorg vere?

Omsorg er eit omgrep som dekkjer mykje, som omsorg for andre og omsorg for deg sjølv. Kven gir du omsorg, og korleis gjer du det?Korleis vi sjølve reagerer på at andre viser oss omsorg, varierer òg mykje. Mange spørsmål dukkar opp, og vi skal drøfte nokre. I første rekkje skal vi sjå kva omsorg betyr for barn og unge i ulike aldrar.

Gutt som får klem av ei dame.foto

Kva er omsorg?

Å vise omsorg er det same som å bry seg om nokon. Frå fødselen av er vi avhengige av at nokon viser oss omsorg og tek vare på oss. Vi treng til dømes mat, søvn, kjærleik og rein bleie.

Små barn treng mykje stell og omsorg. Det er dei vaksne som har ansvaret for at barna blant anna har reine klede, at dei får nok mat og søvn, at dei får frisk luft, og at dei veks opp i trygge omgivnader. Små barn treng mykje kjærleik og tryggleik for å kunne utvikle seg til sunne, trygge individ. Vaksne viser barn omsorg med å gjere praktiske ting for dei som dei ikkje greier sjølve. Barna er avhengige av at vaksne er saman med dei og ser kva dei treng til kvar tid.

Etter kvart som barna vert større, endrar behovet for omsorg seg. Dei greier meir sjølve, og dei er ikkje så avhengige av hjelp frå andre lenger. Nokre barn har sjukdommar eller funksjonshemmingar som gjer at dei treng ein annan type hjelp og omsorg enn andre på same alder. Det betyr at du kan møte ungdommar på din eigen alder som treng hjelp til blant anna personleg stell og mating.

Eksempel

Ein morgon du vaknar, er du febervarm og svært forkjølt.
Du tenkjer at det hadde vore godt å halde senga, men har ikkje samvit til å vere heime. Du veit det er få vaksne på jobb, og kanskje var det noko spesielt på planen i dag? Du går på jobb.

Er det rett? Kva med smittefaren? Kva med alle barna som kan bli forkjølte, og faren for å bli enda sjukare sjølv?

Den amerikanske psykologen Abraham Maslow skildra dei grunnleggjande behova til menneska, og i dei første leveåra er omsorg nært knytt til det. Du kan lese meir om Maslow sine grunnleggjande behov i lenkjesamlinga.

Er det alltid slik?

Dessverre opplever ikkje alle barn å vekse opp med tryggleik og kjærleik rundt seg. Nokre vaksne greier ikkje å ta seg av barna sine, og det er stor forskjell på om desse barna får hjelp, kva for hjelp dei får, og kor god hjelpa er. Det er samtidig stor forskjell på korleis mangel på omsorg eller dårleg omsorg i barndommen påverkar barna seinare i livet.

Utfordringar til deg

  1. Kva for ein forskjell er det mellom omsorgsbehovet til eit spedbarn og ein tiåring?
  2. Korleis er denne forskjellen mellom ein tiåring og ein sekstenåring?
  3. Korleis meiner du at barnehagen og skulen kan vere med på å gi ein god barndom?
  4. Diskuter dømet over med dei andre i klassen.
  5. Lag eit tankekart der du skriv ned det du forbind med omsorg. Ta fram tankekartet på nytt når du er ferdig med dette temaet. Er det noko du må føye til?

Læringsressursar

Omsorg