Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Eli Rygg om omsorg

– Vil du gje eit barn kjensla av tryggleik, kan du ta på det eit par varme sokkar, servere nybakt brød, fortelje ei lita historie eller berre vere til stades saman med det. Det ligg mykje god omsorg i slike enkle handlingar, seier den tidlegare programleiaren i Barne-TV Eli Rygg.

I dag jobbar ho som forfattar og omsorgsarbeidar, og ho er sterkt engasjert i oppvekstvilkåra til unge. I denne filmen gjer ho seg mange interessante tankar og har gode råd til alle som skal arbeide med barn og ungdom.

Utfordringar til deg

  1. Kva trur du Eli Rygg meiner med at vi må kjenne igjen kjensler for å forstå korleis ein annan har det?
  2. Kva er medkjensle?
  3. Korleis kan vi snakke til barn som er sinte?
  4. Forklar korleis vi kan hjelpe eit barn som er lei seg eller sint.
  5. Kva betyr det å høyre saman?
  6. Kva gjer barn for å kjenne at dei høyrer saman med andre?
  7. Diskuter kva som blir meint med «late som-masker».
  8. Kva er god omsorg?
  9. Forklar kva som er meint med utsegna «vi veit så lite om korleis andre har det».
  10. Kva skal du gjere dersom du er uroleg for eit barn, og kva kan konsekvensen vere dersom du ikkje gjer noko?
  11. Kva trur du Eli Rygg meiner når ho seier at ho aldri har møtt ein versting?

Læringsressursar

Omsorg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter