Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Omsorg

Denne sida kan vere ein god start når du skal begynne å jobbe med temaet omsorg.

Helhetlig omsorg. Foto.

På Vg1 helse- og oppvekstfag lærte du kva omgrepet omsorg kunne bety, og du jobba truleg med oppgåver der du skulle trene på å gi omsorg til andre.

Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig å vite kva omsorg er, korleis du gir omsorg i ulike situasjonar, og korleis du sjølv kan ta imot omsorg. Omsorg er ein del av det pedagogiske arbeidet når du jobbar rmed barn og ungdom.

Tenk over

  1. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære om omsorg? Diskuter kompetansemåla i klassen.
  2. Lag eit tankekart som viser kva du kan om omsorg, før du begynner med dette emnet. Samanlikn tankekartet ditt med fagstoffet frå Vg1 helse- og oppvekstfag. Er det fagstoff du treng å repetere?
  3. Ta fram tankekartet når du er ferdig med emnet, og finn ut kva du har lært.
  4. Kva for tankar får du når du ser bileta på denne sida? Ser du nokon samanheng mellom omsorg og bileta?

Emner

Omsorg

  • Omsorgssvikt

    Dei aller fleste barn opplever å vere ønskte og elska og vil få ein trygg og god oppvekst, men ein del barn opplever dessverre det motsette.

Læringsressursar

Omsorg