Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lov- og regelverkChevronRight
  4. Lovverk: alkohol, narkotika og tobakkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lovverk: alkohol, narkotika og tobakk

Det finst ei rekkje lovar som regulerer bruken av alkohol, narkotika og tobakk i Noreg. Her finn du ei oversikt over nokre av dei.

Alkohol

  • Den sentrale loven knytt til alkohol er alkoholloven. Loven regulerer i hovudsak omsetjing, skjenking, sal, produksjon og import av alkohol.
  • AS Vinmonopolet i Noreg har einerett til detaljsal av vin, brennevin og sterkøl. Vinmonopolet er organisert gjennom vinmonopolloven.
  • Importen av alkohol til Noreg er òg regulert av tolloven.
  • Avhaldspliktloven set eit drikkeforbod for visse typar yrkesgrupper i ein periode før yrkesutøvinga.
  • Vegtrafikkloven set forbod mot køyring av motorvogn under påverknad av alkohol.
  • Fritids- og småbåtloven set eit tilsvarande forbod for førarar av fritidsbåtar.

Narkotika

  • Legemiddelloven regulerer kva for stoff som blir rekna som narkotika og omfattar også mindre alvorlege forhold, som bruk og eige av små mengder (der strafferamma er inntil seks månaders fengsel).
  • Paragraf 162 i straffeloven blei vedteken særleg med sikte på profesjonell omsetjing av narkotika.
  • Paragraf 317 i straffeloven rammar heleri og anna økonomisk utbytte av narkotikabrotsverk.

Tobakk

  • Formålet med tobakkskadeloven er å avgrense dei helseskadane som bruk av tobakksvarer medfører. Denne loven har blitt endra fleire gonger. Med tobakksvarer forstår ein i denne loven varer som kan røykjast, innsnusast, sugast eller tyggjast, dersom dei heilt eller delvis består av tobakk.
  • Kommunar og fylkeskommunar har rett til å fastsetje røykjeforbod for stillingar som er særleg haldningsskapande. Dette kan gjelde tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule på grunn av at dei er rollemodellar for barn og unge.
  • I forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v. står det blant anna: «Det skal ikke røykes i virksomhetenes inneområde. I virksomheter som drives i private hjem, gjelder denne bestemmelsen bare i virksomhetens åpningstid.»

Læringsressursar

Lov- og regelverk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter