Her finn du ei kort innføring i arbeidsmiljøloven. Du finn heile loven på lovdata.no
Trygge arbeidsplassar
Loven skal sikre at det er trygt for arbeidstakarar på jobben, og at ingen skal måtte utsetjast for fysiske eller psykiske belastningar i samband med arbeidet sitt. Ingen skal mobbast eller trakasserast, og arbeidstakaren si verdigheit skal takast vare på.Loven skal leggje til rette for eit ryddig tilsetjingsforhold og sikre likebehandling og inkludering av alle arbeidstakarar i arbeidslivet.
- Formålet med loven er
- å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremmande og meiningsfylt arbeidssituasjon for tilsette i norske bedrifter
- å sikre full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader
- å sikre trygge tilsetjingsforhold og likebehandling i arbeidslivet
- Loven gjeld for alle som sysselset arbeidstakar(ar).
- Loven forpliktar både arbeidstakarane og arbeidsgivarane:
- Arbeidstakarane har arbeids-, lojalitets- og teieplikt.
- Arbeidsgivarane har lønnsplikt og omsorgsplikt.
- Arbeidsgivaren har styringsrett på arbeidsplassen, men skal involvere dei tilsette i viktige beslutningar. I tillegg skal alle partar respektere og overhalde for eksempel arbeidsmiljøloven, ferieloven, likestillingsloven, diskrimineringsloven, hovudavtalen og tariffavtalar i arbeidslivet.
Loven har desse kapitla:
- Innledende bestemmelser
- Arbeidsgivers og arbeidstakers plikter
- Virkemidler i arbeidsmiljøarbeidet, herunder helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid og bedriftshelsetjeneste
- Krav til arbeidsmiljøet
- Registrerings- og meldeplikt, produsentkrav mv.
- Verneombud
- Arbeidsmiljøutvalg
- Informasjon og drøfting
- Kontrolltiltak i virksomheten
- Arbeidstid
- Arbeid av barn og ungdom
- Rett til permisjon
- Vern mot diskriminering
- Ansettelse mv.
- Opphør av arbeidsforhold
- Arbeidstakernes rettigheter ved virksomhetsoverdragelse
- Tvister om arbeidsforhold
- Tilsynet med loven
- Straff
- Avsluttende bestemmelser
Kjelde: arbeidsmiljøloven
Utfordringar til deg
Oppgåver til «Arbeidsmiljøloven»
- Kven gjeld arbeidsmiljøloven for?
- Kvifor er det viktig at du kjenner til føresegnene i arbeidsmiljøloven?
- Vel eitt kapittel kvar. Set deg godt inn i kapitlet du har valt, og lag ein presentasjon som du framfører for resten av klassen din.
Læringsressursar
Lov- og regelverk
Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
Fagstoff
Velferdsstaten
KjernestoffMiljøretta helsevern i barnehagar og skular
KjernestoffBarnekonvensjonen
KjernestoffBarnekonvensjonen
KjernestoffLov om barnehagar
KjernestoffRammeplanen for barnehagen
KjernestoffOpplæringsloven
KjernestoffTryggleik på SFO og fritidsklubbar
Kjernestoff- Kjernestoff
ArbeidsmiljølovenDu er her
Lov om barn og foreldre (barneloven)
KjernestoffLovverk: alkohol, narkotika og tobakk
KjernestoffOppbevaring av personopplysningar
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Bruk av lovverk i barne- og ungdomsarbeid
Kjernestoff