Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lov- og regelverkChevronRight
  4. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)

På denne sida finn du ein kort introduksjon til forvaltningsloven. Du kan lese heile loven på lovdata.no.

Definisjonar

I loven blir det brukt nokre definisjonar som det er viktig å kjenne til:

  • vedtak: ei avgjerd som blir treft under utøving av offentleg myndigheit, og som generelt eller konkret er bestemmande for rettar eller plikter til private personar
  • enkeltvedtak: eit vedtak som gjeld rettar eller plikter til ein eller fleire bestemte personar
  • forskrift: eit vedtak som gjeld rettar eller plikter til eit ubestemt tal personar eller ein ubestemt krins av personar
  • offentleg tenestemann: ein embetsmann eller ein annan som er tilsett i staten eller i ein kommune
  • part: ein person som ei avgjerd rettar seg mot, eller som saka elles direkte gjeld for
  • dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd

Du finn fleire definisjonar i sjølve loven.


Alle forvaltningsorgan har rettleiingsplikt innafor sitt saksområde, for eksempel barnevernet. Formålet med det er å gi alle partar moglegheit til å ta vare på rettane sine i saker på best mogleg måte.

Forvaltningsorgan som handsamar saker der ein eller fleire partar er involverte, skal på eige initiativ vurdere kva partane treng av rettleiing.

Sakshandsaming

Når det gjeld sakshandsaminga, har forvaltningsorganet eit ansvar for å førebu og avgjere saka fortast mogleg og innafor gjeldande tidsfrist. Skulle det likevel ta lengre tid enn planlagt før ein kan svare, skal forvaltningsorganet gi eit førebels svar. I dette svaret skal det gjerast greie for grunnen til at eit endeleg svar kjem for seint, og når ein kan vente det.

§ 13 til 13f omhandlar teieplikta.

  1. Formålet med forvaltningsloven er å sikre den enkelte innbyggjaren ei trygg og grundig sakshandsaming og likebehandling frå det offentlege.
  2. Loven gjeld offentlege instansar eller organ i stat og kommune og private instansar som har driftstøtte frå stat, fylke eller kommune, for eksempel private barnehagar og skular.
  3. Loven seier blant anna kven som er inhabil til å handsame saker, og loven har òg reglar for sakshandsaming, teieplikt, vedtak og ankemoglegheiter.
  4. Loven gjeld for eksempel søknader om skuleplass, stipend, byggjeløyve og sosiale tenester og ytingar. Loven blir rekna som svært viktig for å sikre rettstryggleiken vår.
Kjelde: Knut Kjartan Tørum / Vg1 helse- og oppvekstfag

Utfordringar til deg

Oppgåver til "Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker"
  1. Finn loven på lovdata.
  2. Forklar kva eit forvaltningsorgan kan vere.
  3. Kva er rettleiingsplikt?
  4. Les paragraf 13 og 13f, som omhandlar teieløftet.
    • Gå saman to og to. Lag fem setningar om teieløftet på ein plakat. Lag plakaten så fin at han kan hengjast opp på ein arbeidsplass.
    • Kva forstår du med desse setningane? Kva betyr dei i kvardagen din som barne- og ungdomsarbeidar?

Læringsressursar

Lov- og regelverk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter