Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lov- og regelverkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Opplæringsloven

Opplæringsloven er ein lov som handlar om kva for rettar og plikter som er knytte til all opplæring og skulegang i Noreg. Loven gjeld difor både for barn og ungdom i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa. Retten til grunnskuleopplæring for vaksne er òg ein del av loven.

Loven og innhaldet

Loven spesifiserer at opplæringa skal opne dører mot verda og for framtida og gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring.

Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv. Vidare legg loven vekt på at elevane skal utvikle kunnskap og haldningar som set dei i stand til å meistre liva sine og delta i arbeid og i fellesskapen i samfunnet.

Skulen har ansvar for å møte elevane med tillit og respekt og sørgje for at elevane får utfordringar som fremmar danninga og lærelysta deira. Loven seier klart at all diskriminering i skulen skal motarbeidast.

Kapitla i loven

Kapittel to i loven går nærare inn på grunnskulen og kva for rettar og plikter som er knytte til den. Kapittelet seier klart at barn og unge har plikt til grunnskuleopplæring og rett til eit offentleg skuletilbod. Grunnskuleopplæringa skal begynne det kalenderåret barnet fyller seks år, med mindre barnet ikkje er komme langt nok i utviklinga si. Dersom det er tilfellet, kan skulestarten utsetjast. Grunnskuleopplæringa skal omfatte religion, livssyn, etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen og estetisk, praktisk og sosial opplæring.

I kapittel tre spesifiserer loven at ungdom som har fullført grunnskulen, har rett til, etter søknad, tre års heiltids vidaregåande opplæring.

Kapittel fire følgjer opp dette, men går djupare når det gjeld elevar i lære i bedrift.

Loven har òg eit eige kapittel om retten til grunnskuleopplæring for vaksne. Loven seier blant anna at dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring.

Skolemiljø

Loven vektlegg òg kor viktig skulemiljøet til elevane er. Loven seier heilt klart at alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring.

Til slutt peiker loven på kva for faglege og pedagogiske krav som blir stilte til undervisningspersonell i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Dessutan blir det understreka at alle som jobbar i grunnskulen, må vise politiattest for å sikre at ingen som er dømde for overgrep mot barn, kan tilsetjast i skulen.

Læreplanane

Det er læreplanane i dei ulike faga som fortel kva for kompetanse elevane skal ha etter avslutta utdanning. Desse læreplanane finn du på udir.no.I tillegg har vi den generelle delen av læreplanen, som gjeld for grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring i Kunnskapsløftet.

Utfordringar til deg

Oppgåver til «Opplæringsloven»
  1. Gjer deg kjend med loven.
  2. Kapittel 1, 5, 9a og 11 er særleg viktige når det gjeld samarbeidet mellom skule og heim. Kva handlar desse kapitla om?

Læringsressursar

Lov- og regelverk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter