Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lov- og regelverkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tryggleik på SFO og fritidsklubbar

Alle kommunar har plikt til å ha ei skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for barn på 1. til 4. årstrinn og for barn med særlege behov på 1. til 7. årstrinn. Ordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Både inne- og uteareala til SFO skal vere eigna til formålet.

Trygt oppvekstmiljø

Behovet for eit trygt og aktivt oppvekstmiljø blir ikkje mindre når barna begynner på skulen. Undersøkinga som Noregs idrettsforbund utførte for Helsedirektoratet i 2008, viser at det er viktig med eit godt og variert fritidstilbod (sjå fagstoffet Utforskartrongen – «farleg» og sunn). Undersøkinga avslørte at barn blir stadig mindre aktive frå dei er ni år, men at den aktiviteten dei trass alt driv, skjer i kvardagane og ikkje i helgane. Det er tilboda på skulen, i skulefritidsordningane og i idrettslaga som står for den livsviktige aktiviseringa av barna.

Ein del kommunar vel å inngå samarbeidsavtalar med lag og organisasjonar om fritidstilbod til dei eldre barna, som er frå 14 år og oppover.

Kommunen har ansvaret

Det finst verken lover eller forskrifter som regulerer tryggleiken i SFO, i fritidsklubbar eller i ungdomsklubbar spesielt. Men både SFO og fritidsklubbar er underlagde opplæringslova. Dermed gjeld dei same tryggleiksreglane både for skulen, for SFO og for fritidsklubbane.

Det er kommunen som har ansvaret for tryggleiken og for at det blir ført kontroll med både dei kommunale og dei private fritidsordningane. Også fritidsklubbane for dei eldre barna har leikeapparat i form av skateramper, klatrevegger, ballbingar og så vidare.

Dette nærmiljøutstyret er underlagt den same produktkontrollova som utstyret i ein barnehage, og det blir kontrollert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Desse lovene og forskriftene gjeld òg i SFO og fritidsklubbane:

  • Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
  • Forskrift om sikkerhet ved leikeplassutstyr
  • Forskrift om leketøy
  • Brannvernloven
  • Arbeidsmiljøloven
  • Produktkontrolloven

Utfordringar til deg

  1. Intervju tilsette i SFO om korleis dei tek hand om tryggleiken der.
  2. Arbeid i grupper med dei ulike lovene som gjeld for SFO, og presenter resultata for kvarandre.

Læringsressursar

Lov- og regelverk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter