Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lov- og regelverkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rammeplanen for barnehagen

Her finn du ein kort presentasjon av rammeplanen for barnehagen.

Kva er rammeplan for barnehagen?

Rammeplanen for innhaldet og oppgåvene til barnehagen gjer greie for samfunnsmandatet til barnehagen. Innhaldet til barnehagen skal byggjast på eit heilskapleg læringssyn der omsorg, leik og læring er sentrale delar. I tillegg er sosial og språkleg kompetanse samt sju fagområde viktige delar av læringsmiljøet i barnehagen, jf. kapittel 3 i Rammeplanen.Planen legg vekt på kor viktige haldningane, kunnskapen og ferdigheitene til dei vaksne er for å møte og forstå barna og oppdrage dei til aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn. Planen har både eit her og no- og eit framtidsperspektiv.Rammeplanen understrekar det særeigne ved barnehagen som pedagogisk verksemd. Ei konkretisering av arbeidet i den enkelte barnehagen skal nedfellast i årsplanen, som blir fastsett av samarbeidsutvalet til barnehagen.Rammeplanen skal tilpassast varierte driftsformer og lokale forhold og rammevilkår. Det er ønskjeleg at kommunen og dei private eigarane samarbeider om retningslinjene for lokal tilpassing.Kjelde: Regjeringen.no

Som fagarbeidar i barnehage vil du ha behov for Rammeplanen for barnehagen. Det finst temahefte om

  • barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen
  • tal, rom og form i barnehagen
  • medverknad frå barna
  • samisk kultur
  • dei minste barna i barnehagen
  • IKT i barnehagen
  • språkleg og kulturelt mangfald
  • språkmiljø og språkstimulering i barnehagen
  • natur og miljø
  • menn i barnehagen, om å rekruttere og halde på menn i barnehagen
  • likestilling i det pedagogiske arbeidet i barnehagen

Utfordringar til deg

    1. Gjer deg kjend med rammeplanen for barnehagen.
    2. Finn ut korleis rammeplanen og temahefta blir brukte i barnehagane i nærområdet ditt.
    3. Del dykk inn i små grupper og ta for dykk eitt område frå rammeplanen (eller eit temahefte) som de arbeider med. Lag ein presentasjon av dette og presenter det for resten av klassen din.

      Læringsressursar

      Lov- og regelverk

      Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
      SubjectEmne

      Fagstoff

      SubjectEmne

      Oppgaver og aktiviteter