Barnekonvensjonen blei vedteken samrøystes av leiarar frå heile verda på generalforsamlinga i FN 20. november 1989. Dette er barna sin lov, og han skal tryggje oppvekstvilkåra for alle barn i verda.
Fakta om barnekonvensjonen
- Barnekonvensjonen heiter eigentleg FN-konvensjonen om rettane til barnet.
- Barnekonvensjonen er loven til barna, formulert i eit dokument som forpliktar landa som godkjenner konvensjonen, til å overhalde innhaldet i han.
- Barnekonvensjonen blei samrøystes vedteken av leiarane i verda på generalforsamlinga i FN i New York 20. november 1989.
- Barnekonvensjonen er den internasjonale avtalen som flest land har ratifisert (godkjent).
- Barnekonvensjonen er ikkje ratifisert av USA og Somalia.
- Barnekonvensjonen inneheld 54 artiklar.
- Barnekonvensjonen gjeld for alle barn som er under 18 år, uavhengig av nasjonalitet, kjønn, sosial status, religion og kultur.
- Barnekonvensjonen gjeld anten det er fred eller krig.
Barnekonvensjonen seier at alle barn har rett til mat, klede, bustad og skulegang. Barn har òg rett til å ha sine eigne meiningar, rett til å vere med og bestemme og rett til å få omsorg og kjærleik.
Utfordringar til deg
- Kvar og når vart barnekonvensjonen vedteken?
- Kva er formålet med barnekonvensjonen?
- Kva er det eigentlege namnet på barnekonvensjonen?
- Kven gjeld barnekonvensjonen for?
- Kva tyder det å ratifisere?
- Kjenner du til land som ikkje har ratifisert barnekonvensjonen?
- Del dykk i grupper og ta for dykk kvart dykkar område i barnekonvensjonen. Lag ein presentasjon av det området de har valt.
- Fordjuping: På barneombodet sine sider finn du ei rekkje tekstar om barnekonvensjonen. Gjer deg kjend med nokre av dei.
Læringsressursar
Lov- og regelverk
Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
Fagstoff
Velferdsstaten
KjernestoffMiljøretta helsevern i barnehagar og skular
Kjernestoff- Kjernestoff
BarnekonvensjonenDu er her
Barnekonvensjonen
KjernestoffLov om barnehagar
KjernestoffRammeplanen for barnehagen
KjernestoffOpplæringsloven
KjernestoffTryggleik på SFO og fritidsklubbar
KjernestoffArbeidsmiljøloven
KjernestoffLov om barn og foreldre (barneloven)
KjernestoffLovverk: alkohol, narkotika og tobakk
KjernestoffOppbevaring av personopplysningar
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Bruk av lovverk i barne- og ungdomsarbeid
Kjernestoff