Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingarChevronRight
  4. Videregående skole som arbeidsplass ChevronRight
  5. Dette meiner elevane om motivasjon og læringChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Dette meiner elevane om motivasjon og læring

Ved Berghammaren vidaregåande skule slit dei med høgt fråfall i somme klassar. Alle på skulen er opptekne av å finne løysingar slik at dei elevane som startar på skulen, også gjennomfører.

Etter at dei tilsette på skulen har sett eit filmklipp med Kristin Halvorsen og ei gruppe elevar, blir Alana og læraren einige om at dei skal ta ein prat med elevane i klassen. Dei vil finne ut kva som motiverer elevane til å bli på skulen.

Svar på desse spørsmåla før du ser filmen:

  • Kva motiverer deg til å møte på skulen?
  • Kva er du svært fornøgd med på skulen din?
  • Kva kunne ha vore gjort på ein annan måte for å motivere deg endå meir?
Sjå filmen og svar deretter på desse spørsmåla:
  • Kva handlar filmen om?
  • Kva synest ungdommane er motiverande?
  • Korleis er svara til ungdommane samanlikna med dei du skreiv før du såg filmen?
  • Diskuter innhaldet i filmen med klassen din.

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass