Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingarChevronRight
  4. Videregående skole som arbeidsplass ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Videregående skole som arbeidsplass

Som barne- og ungdomsarbeidar på vidaregåande skule skal du gi omsorg og tryggleik til elevane. Du skal vere eit førebilete, og du skal rettleie elevane.

Kvinne trøster lærer. Foto.

Ein fagarbeidar i vidaregåande skule er gjerne saman med éin elev, eller i ein klasse som treng ekstra støtte. Det finst også skular som tilset barne- og ungdomsarbeidarar som ein ekstra ressurs, til dømes på yrkesfaglege linjer som har mykje praksis på skulen. Dette er for å bidra til ro, orden, struktur og oppfølging av rutinar.

Det er også klassar på skulane som har ekstra tilrettelegging for elevar med nedsett funksjonsevne eller elevar med psykisk utviklingshemning.

Du skal samarbeide med føresette, kollegaer og andre instansar rundt elevane, og du skal vere ein tydeleg vaksen i møte med elevar og føresette.

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass