Hopp til innhald

TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Olga slår Mustafa

Olga og Mustafa, som begge er 14 år, har lenge vore ueinige, og dei vaksne har ikkje fått tak i kva dei to eigentleg er ueinige om. Nokre meiner at dei ikkje ueinige, men litt forelska i kvarandre, medan andre meiner at Olga er rasistisk, og at dei vaksne må følgje godt med. Sara kjem inn i klasserommet akkurat då Olga slår Mustafa.

Å slå

Tenk deg at du er Sara.

  • Korleis vil du handtere ein slik situasjon? Lag eit rollespel som viser kva du gjer frå du kjem inn i klasserommet til saka er avslutta.
  • Korleis kan du finne ut om usemja deira kjem av forelsking, rasisme eller noko anna?
  • Kven bør bli orienterte om det som har skjedd?
  • Kva bør Sara seie til dei andre ungdommane som såg dette?

Læringsressursar

Ungdomsskulen som arbeidsplass