Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingarChevronRight
  4. Ungdomsskulen som arbeidsplass ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Ungdomsskulen som arbeidsplass

Som barne- og ungdomsarbeidar i skulen skal du jobbe med ulike ungdommar som har ulike føresetnadar. Du skal vere ein god rollemodell kvar dag på fleire område. I dette emnet finn du yrkessituasjonar tilpassa det å jobbe i ungdomsskulen.

Ungdommer med mynter på øyelokkene

Du kan forvente å få varierte arbeidsoppgåver, både i høve til enkeltelevar, heile klassar og leksehjelp etter skuletid.

Eigne haldningar og veremåte er avgjerande for om du vil fungere godt i arbeid med ungdom. Alle ungdommar skal ha ein god og trygg dag på skulen, og oppleve at dei blir sett og høyrde. Dei skal oppleve ein mobbefri kvardag, og dei skal få eit tilbod som gjer at dei meistrar kvardagen.

Som rollemodell skal du ha gode haldningar til alkohol, røyk, snus og sosiale medium. Du skal vise respekt, og du skal rettleie ungdom i spørsmål rundt deira eiga psykiske og fysiske helse.

Læringsressursar

Ungdomsskulen som arbeidsplass