Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingarChevronRight
  4. Barnehagen som arbeidsplassChevronRight
  5. Olav Kristian slår andre barnChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Olav Kristian slår andre barn

Olav Kristian er 6 år. Han er ein blid og sosial gut som er glad i å leike. På avdelinga hans er det tre gutar på same alder. Dei leikar for det meste godt saman, men somme gonger blir dei litt sjalu på kvarandre. Ute leikar dei ofte fysiske leikar. Inne går det mest i konstruksjonsleikar.

Når Olav Kristian kjem i konfliktsituasjonar, slår han. Etter at han har slått eit av dei andre barna, spring han gjerne og gøymer seg. Han kan også vise aggresjon i andre situasjonar, og han kan plage dei andre rundt matbordet eller i garderoben. Når dei vaksne snakkar med han om dette, seier han unnskyld, og det verkar som han forstår at det han gjer, er gale.

I dag har han slått to av dei miste barna.
  • Kva kan Aleksander og dei andre vaksne gjere for å lære Olav Kristian at dette er feil?
    • Lag eit tankekart med ulike alternativ.
    • Diskuter alternativa i klassen din.
  • Kva skal Aleksander seie til dei to barna som blei slådde, og korleis kan han trøyste dei?
  • Kva bør han seie til foreldra til Olav Kristian?
  • Kva bør han seie til foreldra til dei barna som blei slådde?

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass