Hopp til innhald

TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Sorg i barnehagen

Barnehagen har fire kaninar som barna tek seg av. Mange av barna er sterkt knytte til kaninane. Ein dag Aleksander og nokre av barna skal ut for å mate kaninane, finn dei den eine kaninen død i buret sitt.

Barn som gråter og er lei seg. Bilde
  • Kva skal Aleksander seie til dei barna som står der og ser den døde kaninen?
  • Kva skal barnehagen fortelje dei andre barna? Korleis skal dei fortelje det?
  • Dei vaksne er ueinige om kva dei skal gjere med den døde kaninen. Somme meiner at dei berre bør fjerne han med minst mogleg merksemd, medan andre vil lage ei gravferd for kaninen. Diskuter dette i klassen din.
  • Barna i banehagen er triste i fleire dagar. Dei græt over kaninen og leikar rollespel der nokon døyr. Korleis kan dei tilsette ta sorga til barna på alvor?
  • Besøk biblioteket og sjå om du finn ei bok om dyr som døyr. Korleis vil du bruke ei slik bok i barnehagen?

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass