Hopp til innhald

TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Invitert på fest

Det er søndag kveld, og Aleksander skal på jobb måndag morgon. Han sit og ser ein film saman med tre av vennene sine då det kjem ei melding om at det er fest hos Anne. «Kom då, vel!» står det i meldinga. Dei fire har heilt ulike meiningar om kva dei bør gjere.

  • Anders meiner at dei kan dra på fest. Det treng ikkje bli særleg seint, og dei treng ikkje drikke altfor mykje. Dersom dei pussar tennene grundig, er det ingen som vil kjenne at dei har drukke.
  • Ole seier at dei bør bli heime. Det er vanskeleg nok å stå opp om morgonen som det er.
  • Olga seier at ho vil dra på fest, men at ho berre skal drikke alkoholfritt.
  • Aleksander har lyst til å dra, mest på grunn av at han liker Anne så godt, men han er usikker på korleis dei på jobben vil reagere på det.

Lag eit rollespel og gjennomfør diskusjonen.

Drøft korleis gruppepress kan påverke haldningane våre.

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass