Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingarChevronRight
  4. Barnehagen som arbeidsplassChevronRight
  5. Linnea jobbar med rammeplanenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Linnea jobbar med rammeplanen

Linnea synes det er viktig å forstå hvilke føringer lover og regler gir for arbeid i barnehagen. Hun bruker tid på å holde seg faglig oppdatert. Av og til synes hun det er vanskelig å forstå språket i slike dokumenter, og da ber hun en av førskolelærerne om hjelp.

Linnea synest det er viktig å forstå kva for føringar lover og reglar gir for arbeidet i barnehagen. Ho bruker tid på å halde seg fagleg oppdatert.

Av og til synest ho det er vanskeleg å forstå språket i slike dokument, og då ber ho ein av førskulelærarane om hjelp.

Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (2006)

Barnehagen skal «ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader.»

Verdigrunnlaget til barnehagen er «å fremje forvaltaransvaret for natur og kultur og ansvaret for livet og helsa til andre menneske allereie i barnehagen. Forståinga for ei berekraftig utvikling skal fremjast i dagleglivet.»

(Kjelde: Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen)

Del 1 Gjennomfør ein kafédialog.

  • Bord 1: Korleis kan kosthaldet i barnehagen vere helsefremmande?
  • Bord 2: Korleis kan kosthaldet i barnehagen vere førebyggjande?
  • Bord 3: Korleis kan kosthaldet i barnehagen vere med på å jamne ut sosiale forskjellar?
  • Bord 4: Korleis kan ein bruke måltida i barnehagen til å skape kunnskapar og ferdigheiter som byggjer opp under ei berekraftig utvikling?

Del 2
Bruk rammeplanen for barnehagen og sjå kva meir du kan finne om kosthald.

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass