1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingar

I dette emnet ligg det praksissituasjonar som du kan løyse aleine eller i gruppe. Dei kan brukast i alle programfag eller i faget yrkesfagleg fordjuping som eit supplement til praksis.

Kvinne med spørsmålstegn. Foto.

Yrkesfagleg fordjuping skal bidra til å introdusere elevane for yrkeslivet innanfor det utdanningsprogrammet dei har valt. Barne- og ungdomsarbeidaren får som regel tilbod om praksis i barnehagar, SFO og skular. Det finst også andre stadar dei kan ha praksis samt andre måtar å organisere tilbodet på. Det er skulen som har ansvaret for opplæringa.

Samarbeidet med regionalt og lokalt arbeidsliv skal føre til at opplæringa blir så praksisnær som mogleg. Elevane skal få erfaring med læreplanmåla frå vg3 saman med den opplæringa som yrkeslivet definerer. Yrkesfagleg fordjuping kan også gi elevane moglegheit til å ta programfag og fellesfag frå vg3 påbygg til generell studiekompetanse.

Meir informasjon her: Yrkesfaglig fordjuping - Udir

Emner

Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingar

  • Barnehagen som arbeidsplass

    Som barne- og ungdomsarbeidar jobbar du med enkeltpersonar og grupper med ulike føresetnadar i livet.

  • SFO som arbeidsplass

    Som barne- og ungdomsarbeidar skal du planleggje, leggje til rette og gjennomføre ulike aktivitetar på skulefritidsordninga (SFO).

  • Skolen som arbeidsplass

    Som barne- og ungdomsarbeider i skolen du være en god rollemodell sammen med elevene. Du skal forholde deg til planer, mål og struktur sammen med elever og lærere.

  • Ungdomsskulen som arbeidsplass

    Som barne- og ungdomsarbeidar på ungdomsskulen skal du vere på jobb som ein god rollemodell. Du skal vere til støtte for elevar og for lærarar.

  • Som barne- og ungdomsarbeidar på vidaregående skule skal du gi omsorg og tryggleik til elevane, og du skal vere eit førebilete og rettleie elevane.