Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Helse hos barn med innvandrarbakgrunn

I jobben din som barne- og ungdomsarbeidar vil du møte barn som er innvandrarar sjølve eller har foreldre som er innvandrarar til Noreg. Ettersom helsa til barn er tett knytt til livet og livssituasjonen til foreldra, har vi valt å inkludere barn som er fødde i Noreg av innvandrarforeldre, i denne teksten.

Innvandrerfamilie med mor, far og to barn. Foto.

For at vi skal forstå korleis andre opplever og tenkjer om helse, må vi forsøkje å setje oss inn i livssituasjonen og livssynet deira – utan å la oss provosere.

Mange barn og unge i denne gruppa har ei helse på linje med andre norske barn og unge. Når vi her vel å omtale innvandrarbarn som éi gruppe, må vi vere merksame på dei store variasjonane som finst i gruppa.

Sjølv om det er stor variasjon, er det likevel ting som tyder på at dei som gruppe kan vere meir utsette for fysiske og psykiske lidingar enn barn og unge i andre grupper. Til dels er det snakk om overrepresentasjon av nokre bestemte lidingar som òg andre barn i Noreg kan få, og til dels er det snakk om andre sjukdommar og problem.

  • Blant anna viser nyare forsking at det er ein klar overrepresentasjon av diabetes type 2 hos barn med foreldre som har innvandra frå eit ikkje-vestleg land.
  • Enkelte landegrupper har også ein høgare førekomst av D-vitaminmangel enn resten av befolkninga.
  • Tannhelsa har vist seg å vere vesentleg dårlegare blant barn med ikkje-vestleg bakgrunn.

Dessutan har personane i denne gruppa høgare førekomst av infeksjonssjukdommar som tyfoidfeber, malaria og tuberkulose etter reiser til foreldra sine heimland.

Psykisk helse

Sjølv om mange innvandrarbarn har ei god psykisk helse, utgjer flyktningbarn ei særleg risikogruppe, og dei har ofte behov for profesjonell hjelp frå helsestellet.

  • Desse barna kan ha opplevd vald og andre typar overgrep sjølve.
  • Dei kan ha vore indirekte traumatiserte av å ha vore vitne til eller høyrt om at omsorgspersonar eller andre i den nære krinsen har blitt traumatiserte.
  • Dei kan ha opplevd å vere på flukt i lengre tid, nokre gonger i fleire ulike land, og dermed kan dei ha levd med ein vedvarande utryggleik og i uvisse. For nokre barn held denne utryggleiken fram i lang tid etter at dei er komne til Noreg. Ei spesielt utsett gruppe i denne samanhengen er einslege, mindreårige flyktningar.
  • Dei kan ha ei vanskeleg flukt bak seg, dei har forlate alt og alle dei kjenner, og når dei kjem til Noreg, står dei utan nettverk og omsorgspersonar.
  • Dei kan oppleve einsemd og mangel på omsorg sjølv om dei har familien sin her, sidan traumatiserte foreldre kan ha nok med sin eigen situasjon.

I mange tilfelle ser vi også at det kan vere ei utfordring å etablere seg i eit nytt land. Mange møter eit ukjent språk, eit framandt klima og nye praksisar, og andre veremåtar, krav og forventningar.

Ein studie av flyktningbarn i Sverige viser at den noverande livssituasjonen i Sverige spelte ei like stor eller større rolle for den psykiske helsa til barna som dei krigshandlingane dei hadde blitt eksponerte for.

Helsestellet

Noreg har ein modell for helsetenester der det i liten grad finst spesialtenester for personar med flyktningbakgrunn eller personar med annan kulturell og språkleg bakgrunn enn den norske. For å sikre at innvandrarbarn får tilbod om like god behandling som andre grupper, er det viktig at helsestellet og samarbeidspartnarane deira har god kompetanse om livssituasjonen, levekåra og helsa til innvandrarbarn.

Kommunikasjon

For å kunne gi god helsehjelp til innvandrarbarn er det viktig å ha god kommunikasjon med både barna og foreldra. I tilfelle der ein får problem med å kommunisere med barn og/eller foreldra på grunn av språkbarrierar, er det avgjerande at det blir brukt kvalifisert tolk. I tillegg er det viktig å setje av god tid. Dette gjeld også når tolk ikkje er tilgjengeleg, eller når barn og foreldre meistrar tilstrekkeleg norsk, men der kommunikasjonen likevel er vanskeleg. I slike situasjonar er det også viktig at helsepersonellet snakkar langsamt og modererer språket sitt for å gjere seg forstått. For å sikre at pasientane og dei pårørande har forstått beskjedane som blir formidla, bør vi få dei til å gjenta viktige beskjedar med eigne ord.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det vanskeleg å seie noko som gjeld helsa til alle barn med innvandrarbakgrunn?
  2. Kvifor er det viktig for deg som barne- og ungdomsarbeidar å vite noko om helseproblem som kan oppstå i denne gruppa?
  3. Kva ville du gjort dersom du var uroleg for helsa til eit barn?
  4. Les brosjyren frå Helsedirektoratet. Diskuter innhaldet.
  5. Fordjupingsoppgåve: Les fordjupingsteksten om helsa til innvandrarbarn. Slå opp dei orda du ikkje forstår, og ta notat frå teksten.

Læringsressursar

Helse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff