Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
  5. Fordjupingstekst om helse hos innvandrarbarnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fordjupingstekst om helse hos innvandrarbarn

Norge er et flerkulturelt, fleretnisk og flerreligiøst samfunn som inkluderer en del innvandrere. Innvandrere og barn av innvandrerforeldre kan ha spesielle helseutfordringer som det er greit å kjenne litt til.

Håndtrykk mellom en lyshudet og mørkhudet person. Tegning

Noreg er eit fleirkulturelt, fleiretnisk og fleirreligiøst samfunn. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) bur det i dag 381 000 innvandrarar i Noreg – det vil seie personar som er fødde i utlandet og seinare er komne til Noreg. Fram til 2008 vart også innvandrarane sine barn, altså barn som er fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre, definerte som innvandrarar. No blir desse derimot nemnde som norskfødde med innvandrarforeldre. Denne gruppa utgjer i dag 79 000 personar. Ettersom helsa til barn er tett knytt til livet og livssituasjonen til foreldra, har vi i denne teksten om helse hos innvandrarbarn valt å også inkludere barn som er fødde i Noreg av innvandrarforeldre.

Innvandrarar i Noreg representerer ei svært samansett gruppe. Dei har bakgrunn frå omtrent 200 land, og i dag representerer Polen, Sverige, Irak og Danmark dei største gruppene.

Vidare kan vi skilje mellom innvandrarar (eit omgrep som i juridisk forstand inkluderar kvoteflyktningar og asylsøkjarar som har fått søknadane sine godkjende) som er komne til Noreg som arbeidsinnvandrarar, og dei som er komne for å bli førte saman med familiane sine att.

Mangfaldet i innvandrarbefolkninga handlar også om skilnader i kor lenge dei har budd i Noreg, og sidan kategorien inkluderer både dei som har budd i landet i tretti år, og dei som nyleg er komne, vil skilnadene her ofte vere store. Både bakgrunn, innvandringsårsak og butid vil ha noko å seie for livssituasjonen i Noreg.

Desse skilnadene speglar seg i helsa til innvandrarbarna, der sjukdommar og plager varierer og er ujamt fordelte ut frå migrasjonsårsak, etnisk bakgrunn og sosiale, psykiske og genetiske faktorar. Trass i stor variasjon er det likevel grunnlag for å hevde at migrasjon og ein påfølgjande minoritetsposisjon gir høgare risiko for somatiske og psykiske lidingar.

Til dels er det her snakk om at nokre bestemte lidingar som også barn i majoritetsbefolkninga kan få, er overrepresenterte, og til dels er det snakk om andre sjukdommar og problem. Blant anna viser nyare forsking at det er ein klar overrepresentasjon av diabetes type 2 hos barn med foreldre som har innvandra frå eit ikkje-vestleg land, og enkelte landegrupper har også ein høgare førekomst av vitamin D-mangel enn resten av befolkninga. Også tannhelsa har vist seg å vere vesentleg dårlegare blant barn med ikkje-vestleg bakgrunn.

Likeins fører reiser til heimlandet til foreldra til høgare førekomst av infeksjonssjukdommar som tyfoidfeber, malaria og tuberkulose. I nokre grupper av innvandrarbefolkninga er det utbreitt med ekteskap mellom personar som er tremenningar eller nærmare i slekt, noko som gir auka risiko for dødfødsel og medfødde misdanningar.

Når det gjeld psykisk helse, utgjer flyktningbarn ei særleg risikogruppe, noko som gjer at dei ofte har behov for profesjonell hjelp frå helsestellet. Desse barna kan sjølve ha opplevd vald og andre typar overgrep, eller dei kan vere indirekte traumatiserte ved å ha vore vitne til, eller høyrt om at omsorgspersonar eller andre i nær krins har blitt traumatiserte.

Ein del flyktningbarn har også opplevd å vere på flukt i lengre tid, nokre gonger i fleire ulike land, og slik kan dei ha levd med ein vedvarande utryggleik og i uvisse. For nokre barn held denne utryggleiken fram i lang tid etter at dei er komne til Noreg. Ei spesielt utsett gruppe i denne samanhengen er einslege mindreårige flyktningar.

Forutan eventuelle traumatiske erfaringar i heimlandet har ein del av barna ei vanskeleg flukt bak seg. Dei har forlate alt og alle dei kjenner, og når dei kjem til Noreg, står dei utan nettverk og omsorgspersonar. Også flyktningbarn som kjem til Noreg som ein del av ein familie, kan oppleve einsemd og mangel på omsorg, sidan traumatiserte foreldre kan ha nok med eiga overleving.

I mange tilfelle ser vi også at sjølve etableringa i eit nytt land, mange gonger med eit ukjent språk, eit framandt klima og nye praksisar, veremåtar, krav og forventningar, kan vere ei utfordring. Blant anna viser ein studie av flyktningbarn i Sverige at den noverande livssituasjonen i Sverige spelte ei like stor eller større rolle for den psykiske helsa til barna som eksponering for krigshandlingar. I samband med dette kan vi også sjå for oss at haldningar til innvandrarar i samfunnet og i majoritetsbefolkninga vil ha noko å seie for trivselen og det psykiske velværet til barna.

Innvandrarbarn kjem i kontakt med norsk helsepersonell ved helsestasjonen og skulehelsetenesta, og primærlegekontoret og sjukehuset når dei er sjuke. Noreg har ein modell for helsetenester der det i liten grad finst spesialtenester for personar med flyktningbakgrunn eller personar med annan kulturell og språkleg bakgrunn enn den norske. For å sikre at innvandrarbarn får tilbod om like god behandling som andre grupper, er det derfor viktig at helsestellet og samarbeidspartnarane deira har god kompetanse om migrasjonshelse og livssituasjonen, levekåra og helsa til innvandrarbarn.

Erfaring viser at mange møte mellom innvandrarpasientar, deira pårørande og det norske helsestellet fungerer tilfredsstillande. Samtidig blir det rapportert om ein del utfordringar som kan skape frustrasjon og misnøye både hos pasientane og i behandlingsapparatet. Utfordringane det her er snakk om, er fleire og ofte samansette. Kommunikasjonsproblem kan likevel trekkjast fram som sentrale, og i tillegg kjem kulturelle forskjellar i korleis ein forstår helse, sjukdom, behandling, liding og død og dessutan ulike forståingar av behandlingssystemet, sjukerolla og så vidare. Til dømes har nokre innvandrarar ei utprega sterk tiltru til at ein skal bruke medisin når ein er sjuk, og somme vil då kunne bli skuffa og misnøgde i dei tilfella der helsestellet tilrår at dei avventar situasjonen, eller seier at ei særskild liding ikkje kan kurerast med medisin.

For å kunne gi god helsehjelp til innvandrarbarn er det viktig med god kommunikasjon med både barna og foreldra. I tilfelle der ein får problem med å kommunisere med barnet og/eller foreldra på grunn av språkbarrierar, er det avgjerande at det blir brukt kvalifisert tolk. I tillegg må det setjast av god tid. Dette gjeld også når tolk ikkje er tilgjengeleg, eller når barnet og foreldra meistrar tilstrekkeleg norsk, men der kommunikasjonen likevel er vanskeleg. I slike situasjonar er det også viktig at helsepersonellet snakkar langsamt og modererer språket sitt for å gjere seg forstått. For å sikre seg at pasienten og dei pårørande har forstått beskjedane som blir formidla, blir det tilrådd at ein får dei til å gjenta viktige beskjedar med eigne ord.

Generelt er det eit problem å sikre at føreskriven behandling blir godt følgt opp når det gjeld barn som pasientgruppe, og på grunn av kommunikasjonsutfordringar, manglande kjennskap til norsk helsestell og kulturforskjellar, kan vi gå ut frå at dette problemet er endå større i behandling av innvandrarbarn.

I møte med innvandrarbarn vil det vere viktig å vise forståing, toleranse og respekt for perspektivet og synet til barna, også når desse skil seg ut frå forståingar som er meir dominerande i majoritetsbefolkninga. Dette føreset at helsestellet og andre instansar som arbeider med helsa til innvandrarbarn, øver opp eit medvit om at helse kan forståast og erfarast ulikt i ulike kulturar og slik inngår i større livsperspektiv.

For å forstå korleis andre opplever og tenkjer om helse, må vi forsøkje å setje oss inn i livssituasjonen og livssynet deira, utan å la oss provosere. Ei slik lyttande haldning til korleis andre ser og erfarer verda, blir gjerne kalla kulturrelativisme – eit perspektiv som har som utgangspunkt at alle kulturar har sin eigen logikk som gjer ulike forståingar og handlingar forståelege i sitt system. Å forsøkje å forstå betyr likevel ikkje at vi treng å vere einige i eller godta perspektiva og praksisane til den andre.

Norsk lov skal følgjast, og i tillegg kjem også ei rekkje forskrifter og retningslinjer som den offentlege forvaltninga skal etterleve. Vidare er det viktig å hugse at sjølv om kultur og kulturforskjellar er viktige og ofte har noko å seie, er det like fullt individ som lever, tenkjer, møtest og samhandlar – ikkje kulturar.

Læringsressursar

Helse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff