1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
  5. Førebyggjande helsearbeid blant barn og unge ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Førebyggjande helsearbeid blant barn og unge

I Vg1 helse- og oppvekstfag lærte du om førebyggjande helsearbeid. Her skal vi gå litt nærmare inn på førebyggjande arbeid retta mot barn og ungdom.

Matdisken i kantaina. Illustrasjon.
I kantinen
  • Førebygging betyr å fjerne eller avgrense ei uønskt utvikling, ein skade eller sjukdom.
  • Førebyggjande tiltak er det vi gjer for å redusere forhold som fører til uheldig utvikling, skade eller sjukdom.

Førebyggjande arbeid kan drivast mot til dømes:

  • Heile folkesetnaden, til dømes ved å vaksinere, gi tannpleie, tilby tenester på helsestasjon og gjennom informasjonsarbeid. Vaksine er eitt av fleire tiltak i kampen mot infeksjonssjukdommar.
  • Personar eller grupper som er risikoutsette. Døme på dette kan vere å vaksinere russen, og å gi informasjon om kva skadeverknader røyking og rus kan gi, til elevar på ungdomsskulen.
  • Individ eller grupper som har det problematisk. Hovudformålet er då å førebyggje at situasjonen forverrar seg. Døme på dette kan vere støttekontakt til psykisk sjuke barn eller gratis sprøyter til narkomane.
Mange ungdommer står i flere rekker vendt mot kamera. foto.

Det finst ei rekkje område der vi ønskjer å førebyggje skader og sjukdom hos barn. Både styresmaktene og frivillige organisasjonar har laga ei rekkje haldningsskapande opplegg for barn og unge. Eitt døme er «Fri», eit program som har som mål å få barn og unge til ikkje å røykje.

Når barna er små, kan du som vaksen ta avgjerder som verkar førebyggjande. Til dømes kan du syte for at barna ikkje får sykle utan hjelm. Etter kvart som barna blir eldre, vil dei i stadig større grad ta eigne val, og av og til må vi også respektere at ungdom tek val som ikkje er bra for dei. Då er det viktig at dette valet likevel blir teke på bakgrunn av kunnskap.

Døme

Sjølv om det finst mykje informasjon om røyking, begynner somme barn og unge å røykje. Når barn og unge tek val som ikkje er bra for helsa, er det ofte lurt å snakke med den det gjeld, og eventuelt foreldra. Kan barnet eller ungdommen rettleiast bort frå denne aktiviteten? Veit han eller ho om kva konsekvensar handlinga vil gi?

Retten til å påverke åtferda til andre menneske er eit tilbakevendande dilemma i førebygging. Sentrale prinsipp er å unngå skadar, vise respekt for den enkelte og oppnå ei rettferdig fordeling.
(Kjelde: Forebygging.no)

Kan ein førebyggje psykiske problem?

Førebygging kan drivast på ei rekkje område, til dømes:

  • å lære barna å bruke hjelm når dei akar, syklar og liknande
  • å ikkje la barna sykle til skulen før dei er ti år
  • å lære barn og unge å bruke bilbelte
  • å gi barna positive tilbakemeldingar når dei gjer noko som er bra for helsa, til dømes vaskar hendene før måltid
  • å gi dei gode alternativ for å ta vare på helsa si, til dømes
    • sunne alternativ til usunn mat
    • aktivitetar som kan vere eit alternativ til å ruse seg
  • å lære barn og unge om kva skadar ein kan få av å bruke tobakk og rusmiddel
  • å lære barna om sunt kosthald og fysisk aktivitet
  • å hjelpe barn og unge til å opparbeide seg eit godt nettverk
  • å lære barna å symje
  • å gi barn og unge gode vanar som tek hand om den fysiske, psykiske og sosiale helsa
  • å drive haldningsskapande kampanjar
  • å hjelpe barna med å komme seg til lege, rådgivar, helsesyster eller andre når dei har behov for fagleg hjelp
  • å gi barna informasjon om helse og livsstil så tidleg som mogleg
  • å leggje miljøet til rette slik at det er enkelt å ta vare på helsa si
  • å setje grenser som hjelper barna med å utvikle gode vanar, til dømes kan eit barn som er svært glad i å spele PC-spel, få ei tidsramme til dette

Utfordringar til deg

  1. Kva er førebygging?
  2. Kvifor er førebygging så viktig?
  3. Gi døme på førebyggjande tiltak du som barne- og ungdomsarbeidar kan gjennomføre.
  4. Sjå på biletet «Ungdommar». Kan vi drive førebyggjande arbeid knytt til sjølvbiletet og den psykiske helsa til barn og unge?
  5. Ta utgangspunkt i biletet «I kantina». Skriv ein fagtekst med tittelen «Det er ikkje alltid like lett å drive førebyggjande arbeid».
  6. Kven har ansvar for førebyggjande arbeid blant barn og ungdom?
  7. Kva er di rolle i det førebyggjande arbeidet?
  8. Gå til fristedet.no. Korleis kan slike sider brukast i det førebyggjande arbeidet?
  9. Kva infeksjonssjukdommar bruker vi vaksinar mot? Søk på Internett.
  10. Nokre foreldre er usikre på om dei skal vaksinere barna sine, medan andre ikkje set spørsmålsteikn ved behovet for vaksinar i det heile. Prøv å finne ut kva som kan tale for å vaksinere barn, og kva som kan vere motførestellingar mot at alle barn skal vaksinerast. Snakk gjerne med ei helsesyster du kjenner til, eller leit på Internett.

    Læringsressursar

    Helse

    Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
    SubjectEmne

    Fagstoff

    SubjectEmne

    Oppgaver og aktiviteter

    • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

      Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

      Tilleggsstoff er fagstoff
      AdditionalTilleggstoff
    • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

      Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

      Tilleggsstoff er fagstoff
      AdditionalTilleggstoff