Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
  5. Symptom på sjukdomChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Symptom på sjukdom

Somme gonger kan det vere vanskeleg å vite om barnet er sjukt eller ikkje, og i slike tilfelle kan foreldra vere usikre på om barnet bør gå i barnehagen eller på skulen. I teksten under finn du nokre vanlege symptom på sjukdom.

Gutt ligger i sengen med temparaturmål i munnen. Foto.

Allmenntilstand

Dersom allmenntilstanden til barnet er dårleg, vil det vanlegvis vere best for barnet å vere heime. Det er tungt å vere i barnehagen eller på skulen når ein er slapp, trøytt og uopplagd.

Feber

Den normale temperaturen til barn kan variere. Temperaturar som er meir enn 37,5 gradar om morgonen og 38 gradar om kvelden, blir haldne for å vere høge. Eit barn som har feber, bør vere heime til det er feberfritt, først og fremst av omsyn til barnet sjølv. I somme samanhengar kan det vere ønskjeleg å halde barnet heime av smittevernomsyn.
(Kjelde: Folkehelseinstituttet)

Les meir om feber, råd om feber og febermåling under relatert fagstoff.

Hoste og snue

I dei fleste tilfelle er dette eit symptom på byrjande forkjøling. Barnet kan ha vanskeleg for å puste gjennom nasen, og nokre barn har i tillegg feber. Barn kan også få snue i samband med influensa, enkelte barnesjukdommar og ved allergi.

Forkjøling

Forkjøling er den vanlegaste infeksjonen hos barn. Snue, snørrproduksjon, hoste, tett nase og rennande auge er dei vanlegaste symptoma. Barnet kan komme tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.

Influensaliknande symptom

Influensaliknande symptom kan vere feber med frysningar, tørrhoste, verk i musklar og lett snue. Barnet kan komme tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.
(Kjelde: Folkehelseinstituttet)

Oppkast

Små barn gulpar utan at det er teikn på sjukdom, men dersom barnet gulpar ofte og mykje, bør vi kontakte lege.

Fleire ulike sjukdommar kan gi oppkast, blant anna mage- og tarminfeksjonar, omgangssjuke, sterke smerter andre stader i kroppen og ein del andre sjukdommar. Dersom barn kastar opp, bør du passe på dei får i seg nok væske og ikkje tørkar ut. Det blir tilrådd at barnet drikk små mengder om gongen, men at det drikk ofte. Omgangssjuke er ofte svært smittsamt og krev at ein er ekstra nøyen med hygienen. Ein bør varsle foreldra når eit barn kastar opp. Enkelte barn kan kaste opp utan at dei er sjuke, og dette kan komme av psykiske faktorar.

Ved frukosten må Stina gå frå bordet, ho spring ut og kastar opp. Ho verkar ikkje sjuk elles, og ho kastar ikkje opp seinare på dagen. Dette skjer fleire dagar i veka. Etter ein samtale med foreldra blir dei tilsette einige om å observere kva som skjer rundt Stina dei dagane ho må kaste opp. Etter ei tid finn dei ut at Stina kastar opp dei dagane ho sit attmed Jan, som har servelat på brødskiva si. Når dei pratar med Stina, fortel ho at ho synest servelatpølsa luktar ubehageleg. Ved at Stina ikkje sit saman med Jan ved matbordet, er problemet løyst.

Diaré

Diaré kjem vanlegvis av mage- og tarminfeksjonar eller som ein reaksjon på medisinar, men kan også ha andre årsaker. Kontakt lege om du er i tvil. Mage- og tarminfeksjonar er smittsame og krev at ein er ekstra nøyen på hygienen. Om eit barn har diaré, må ein vere ekstra merksam på at barnet ikkje blir dehydrert. Gi derfor barnet godt med drikke.

Utslett

Barn kan få utslett som følgje av fleire årsaker, som til dømes

  • ein del av ein barnesjukdom
  • teikn på ein allergisk reaksjon
  • reaksjon på sol, eller anten tørr eller kald luft
  • reaksjon på kontakt med enkelte planter eller dyr
  • eksem

Når barn har vondt

Barn og ungdom kan klage over smerter ulike stader på kroppen, til dømes vondt i halsen, vondt i øyra eller vondt i magen. Smerter kan ha ulike årsaker, og om du er usikker, bør du ringje foreldra slik at dei kan ta barnet til legen. Ver oppmerksam på at smerter også kan komme av psykiske årsaker.

Drikke

Barn som er sjuke, treng meir drikke enn vanleg, og barn som kastar opp, har diaré eller høg feber, treng spesielt mykje drikke. Det viktigaste er at barnet drikk eitt eller anna, men det finst drikker som er betre eigna enn andre. Væsker som inneheld litt sukker og litt salt, er best. Kor mykje av væska som blir sogen opp i tarmen, blir bestemt av sukker- og saltmengda.

Utfordringar til deg

  1. Lag ein plakat som viser kva ulike symptom kan tyde på.
  2. Korleis måler vi temperaturen hos barn?
  3. Når er det ekstra viktig å drikke?
  4. Kvifor er det viktig at barn drikk når dei er sjuke?
  5. Kvifor er det viktig å vere ekstra nøyen med hygienen når eit barn kastar opp eller har diaré?

Læringsressursar

Helse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff