Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
  5. Lommelegen: Slik måler du temperaturen til barnet ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lommelegen: Slik måler du temperaturen til barnet

Har barnet fått feber? Det er lett å gjere feil når du skal måle kroppstemperaturen.

Gutt har febertermometer i munn. Foto.

Feber er ein tilstand der barnet har ein kroppstemperatur på 38 gradar eller meir. Den vanlegaste årsaka til feber er infeksjonar. Som regel er det snakk om virusinfeksjonar, men det kan også vere ein bakterieinfeksjon som må behandlast med antibiotika.

Barn under fire år får ofte høg feber, 39,0–40,5 gradar, sjølv ved ufarlege infeksjonar. Feber i seg sjølv er ikkje farleg og seier som regel lite om kor alvorleg sjukt barnet er. Det er like viktig å vurdere allmenntilstanden til barnet: Dersom barnet er svært slapt, verkar sløvt eller apatisk, har dårleg appetitt, drikk og tissar lite, eller har utslett, bør ein oppsøkje lege. Det same gjeld dersom feberen kjem over 40,5 gradar. Når barn under tre månader får feber, skal ein likevel alltid oppsøkje lege, fordi feber hos så små barn oftare kan vere teikn på alvorleg sjukdom.

Å måle kroppstemperaturen er vanskeleg, og uriktige eller unøyaktige måleteknikkar kan føre til at vi måler for låg temperatur. Slik gjer du det:

Rektalmåling
Den beste staden å måle på er i endetarmen, ei såkalla rektalmåling. Ei rektalmåling gir eit sikkert resultat, men metoden kan vere ubehageleg for barnet. Vi bruker eit lite digitalt termometer (som du kan kjøpe på apoteket), fører det inn i termometerhylsa og påfører litt vaselin på tuppen.

  • Legg barnet på ryggen og lyft beina til barnet i vêret.
  • Før spissen på termometeret 1–2 centimeter inn i endetarmen.
  • Les av temperaturen etter at målinga er ferdig (termometeret begynner å pipe).

Metoden blir tilrådd spesielt for dei minste barna
(under tre år).

Måling i øyret
Å måle kroppstemperaturen ved hjelp av eit øyretermometer er den aller enklaste metoden. Ei øyremåling går svært raskt og er lite ubehageleg for barnet, men ho er mykje mindre påliteleg enn ei rektalmåling. Sjølve målinga går føre seg ved at apparatet sender infraraude strålar inn gjennom øyregangen og måler temperaturen på trommehinna. Øyregangen til barnet er trong og kurva, så her er nokre enkle grep for å unngå å måle feil og for å få ei betre måling:

  • Dra øyret til barnet forsiktig opp- og bakover, slik at den ytste delen av øyregangen blir retta ut.
  • Før termometerspissen godt inn i øyreopninga før du måler.
  • Mål fleire gonger, gjerne i begge øyra, for å sjå om du får omtrent same temperatur. Dersom måleresultata varierer for mykje, bør ein måle temperaturen rektalt.


Eit øyretermometer viser om lag 0,5 gradar for lite, så vi må leggje ein halv grad til måleresultatet. Ein målt temperatur på til dømes 37,5 gradar vil altså seie at den faktiske kroppstemperaturen er om lag 38,0 gradar, noko som vil seie at barnet har feber.

Øyremålingar er utsette også for andre feilkjelder, og ein av dei viktigaste kan vere temperaturen i miljøet som målinga blir gjort i. Har barnet hatt øyret mot ei varm pute like før målinga, kan resultatet vere for høgt, og dersom målinga blir gjort i eit kaldt rom, eller dersom til dømes barnet nettopp er komme inn frå kulda, kan vi måle for låg temperatur. Vidare kan mykje øyrevoks føre til uriktige målingar. Metoden er unøyaktig og bør ikkje brukast dersom du trur at barnet kan ha øyrebetennelse.

Måling i munnen
Kroppstemperaturen kan også målast i munnen, men heller ikkje denne metoden er like sikker som ei rektalmåling (sjå over). Metoden blir ikkje tilrådd for små barn, som er urolege og som kan finne på å bite i termometeret. Av hygieniske årsaker bør vi bruke termometerhylster.

  • Legg termoterspissen under tunga til barnet, og syt for at munnen er lukka under målinga.
  • Les av temperaturen etter at målinga er ferdig (termometeret begynner å pipe).


På same måte som når ein måler temperaturen i øyret, gir måling i munnen eit resultat på om lag 0,5 grad for lite, så ein må leggje ein halv grad til måleresultatet.

Måling i armhola
Det er også mogleg å måle temperaturen i armhola. Dette er den minst pålitelege metoden, og det blir ikkje tilrådd at ein måler temperaturen på små barn på denne måten.

  • Legg termometerspissen godt inn i armhola til barnet, og syt for at barnet ikkje strekkjer armen ut eller oppover.
  • Det vil ta noko lengre tid før målingane er ferdige og resultatet kan lesast av.


Måling i armhola kan vise opp til 1,0 grad for lite, slik at vi må leggje éin grad til måleresultatet.

Gode feberråd
Dersom barnet elles er i god form, er det ikkje nødvendig å behandle feberen. Hugs å gi barnet nok å drikke, og kontrollmål temperaturen med jamne mellomrom. Ha tilsyn med barnet, og sjå til det minst to gonger om natta for å forvisse deg om at barnet ikkje blir dårlegare. Det er også ein fordel å ha det litt kjølig i rommet. Barnet skal ha lite klede og sengetøy, men sjølvsagt ikkje så lite at det frys.

Dersom du meiner at barnet blir verre, eller dersom feberen har vart i over fire dagar, bør du kontakte lege.

Dersom barnet har nedsett allmenntilstand, uavhengig av kor høg feber barnet har, og ved feber over 40,0 gradar, bør vi gi febernedsetjande medisinar. Dette bør ein også gjere dersom barnet har hatt feberkrampar tidlegare. Paracetamol er førstevalet fordi det har lite biverknader, og barn i alle aldersgrupper (inkludert spedbarn) toler denne medisinen godt. Paracetamol finst i flytande form (mikstur), som stikkpiller og som vanlege tablettar. Følg doseringsrettleiinga på pakninga nøye.

(Kjelde: Lommelegen.no av Anne Lindboe, barnelege)

Læringsressursar

Helse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff