Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Helsa til barn og unge

Som barne- og ungdomsarbeider har du et medansvar for barn og unges helse, og derfor trenger du kunnskap om dette området. Du skal også lære barna å ta ansvar for egen helse. Det er i barne- og ungdomsårene at grunnlaget for god helse blir lagt.

Epler på rad. Fire grønne og et rødt det er spist av. foto.

Som barne- og ungdomsarbeidar har du eit medansvar for helsa til barn og unge, og derfor treng du kunnskapar om dette området. Du skal også lære barna å ta ansvar for eiga helse. Det er i barne- og ungdomsåra at grunnlaget for ei god helse blir lagt.

Norske barn og ungdommar har stort sett ei god fysisk og psykisk helse. I tillegg har dei fleste barna i Noreg foreldre med gode kunnskapar om kva barna treng for å halde seg friske.

Unicef-rappport

Unicef-rapporten som tek føre seg helsa og velferda til barn i 21 rike land (2007), konkluderer med at få norske barn lever under fattigdomsgrensa. Når det gjeld helse og tryggleik, helsevanar og eigenrapportert helse og velvære, skårar Noreg berre middels.

Kort samandrag av nokre punktar i rapporten

  • Vi har svært låg spedbarnsdødelegheit i Noreg.
  • Vi har lågare vaksinasjonsdekning enn mange andre land.
  • Vi har fleire dødsfall som følgje av skadar og ulykker enn mange andre land.
  • Vi har ein høgare del av fødde med låg fødselsvekt enn mange andre land.
  • Vi er ikkje gode til å følgje tilrådingane om kostvanar og fysisk aktivitet frå styresmaktene.
  • Vi har store utfordringar knytte til overvekt – også blant barn og unge.
  • For mange barn røykjer og drikk alkohol.
  • Ein vesentleg stor del av dei unge har vore involverte i slåsting det siste året.
  • Mange har vore utsette for mobbing.
  • Eigenrapportert helse: Vi framhevar ofte at dei fleste barna i Noreg rapporterer helsa si til å vere god eller veldig god, men ifølgje denne rapporten er det mellom 15 og 20 prosent som rapporterer helsa si som dårleg eller nokolunde.

Opplysningane er henta frå Folkehelseinstituttet, som tek føre seg kvart av desse punkta og Unicef-rapporten meir utfyllande.

Helseopplysning

For å lære barn og unge å ta vare på helsa si gir vi helseopplysning. Helseopplysning kan vere alt frå dagleg informasjon om forhold som verkar inn på helsa, til store kampanjar. Når barn skal få informasjon, er det viktig at informasjonen er tilpassa utviklingsnivået deira.

Psykisk helse

I regjeringa sin strategiplan for den psykiske helsa til barn og unge (2003) reknar ein at om lag 10 prosent av ungdommane har så store psykiske problem at dei treng profesjonell hjelp.

Miljøet og trivselen i skulen påverkar helsa til barn og unge. Alt for mange barn mistrivest i skulen. Det kan gi utslag i vondt i hovudet, vondt i magen, vanskar med å konsentrere seg, problem med å sove og auka bruk av tobakk og rusmiddel.

Barn og unge med psykiske problem kan ha relasjonsrelaterte problem i forhold til venner og familie. Ved å sjå det enkelte individet og å arbeide for å bidra til eit godt klassemiljø, kan du medverke til at barna trivest betre.

Vi anbefaler deg at du les om psykisk helse på ung.no. Der finn du mange gode tekstar.

Utfordringar til deg

  1. Sjå over punkta frå Unicef-rapporten. Kva for utfordringar som er knytte til helsa til barn og unge, har vi i Noreg i dag?
  2. Kvifor er det viktig å drive helseopplysning for barn og unge?
  3. Sjå over sidene om helseopplysning på Vg1. Hugsar du fagstoffet?
  4. Kva veit du om den psykiske helsa til barn og unge?
  5. Gjer deg kjend med ung.no sine sider om helse.

Læringsressursar

Helse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff