Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Helse ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dyr, barn og helse

Når du arbeider med barn og unge, treng du kunnskapar om korleis nokre dyr og insekt kan påverke helsa vår. Kontakt med dyr og insekt kan påverke barn på fleire måtar, og det er store forskjellar på korleis barn reagerer. Somme merkar knapt eit biestikk, medan andre får alvorlege reaksjonar og må til lege.

Flott på frønt blad. foto.
Flått

Her tek vi for oss ulike plager barn kan få i kontakt med dyr og insekt, men det er òg viktig å merke seg at forsking viser at kontakt med dyr har ein positiv effekt – spesielt på den psykiske helsa – til barn. Dei aller fleste barn har ei rekkje positive opplevingar knytte til omgang med dyr.

Dyreallergi

Kva er dyreallergi?

Dei aller fleste dyr med pels, og dermed dei vanlegaste kjæledyra, kan utløyse allergiske reaksjonar. Det er ikkje berre håra i pelsen, men også allergen (protein) i talg- og spyttkjertlane og urinen til dyra vi kan reagere på. Dette er små luftborne partiklar som blandar seg med anna støv i lufta. Når denne lufta blir pusta inn, kan ho gi allergiske reaksjonar. Støv frå hest, hund og katt inneheld 10–20 ulike allergiframkallande stoff.

Det kan vere vanskeleg å føreseie kva dyr ein kan komme til å reagere på. For å utvikle allergi må vi først ha vore i kontakt med det bestemte allergenet, og det kan ta lang tid før allergisymptoma viser seg. Inntil nyleg meinte ein at ein oftast utviklar allergi mot allergen som ein kjem i nær kontakt med hyppig, gjerne dei som finst i heimen, og at dess større mengder dyreallergen en blir utsett for, dess høgare risiko er det for å utvikle allergi. Nyare forsking har derimot vist at eksponering for allergen tidleg i livet kanskje kan gi eit visst vern mot seinare allergiutvikling. Førebels veit vi ikkje nok om dette.

Kva for nokre dyr kan gi allergi?

Dei aller fleste kjæledyra vil som nemnt kunne gi allergi, inkludert minigrisar, hårlause mus, chinchillaer og korthåra kinesiske pudlar. Små dyr som midd, mygglarver og kakerlakkar kan også gi allergi. Hest og katt er dei dyra som har dei «sintaste» allergena.

Symptom og behandling

Vanlege reaksjonar er tett, rennande nase, kløande og rennande auge og astma. Enkelte kan også få eksem og elveblest. Eksponering for allergen frå kattar har vist seg å vere ein særleg risiko for akutt astma.

Den viktigaste og mest effektive behandlinga er å fjerne det allergiframkallande dyret frå omgivnadene til den som er allergisk. Det er inga god løysing å førebyggje dyreallergi med medisinar som kortisonhaldig nasespray og/eller histamin, anten i form av tablettar, inhalasjonsspray, nasespray eller augedropar, men det kan likevel vere nødvendig dersom det ikkje er mogleg å unngå at allergikaren blir eksponert for dyreallergenet.

Dersom barna har dyreallergi, bør barnehagepersonell og lærarar be andre foreldre om å ha på barna sine klede som ikkje har vore i kontakt med dyr. Det er også viktig at elevane hengjer ytterkleda sine i gangen og ikkje tek dei med inn i klasserommet. Det bør vere generelt forbod mot kattar og hundar i barnehagar og skular.

(Kjelde: Noregs Astma og Allergiforbund. Dette er ein del av ein lengre fagartikkel som du finn på naaf.no sine sider.)


Flått

To ulike sjukdommar

Flått i Noreg kan hovudsakleg overføre to ulike sjukdommar:
Lyme borreliose og skogflåttencefalitt.

Lyme borreliose er den vanlegaste sjukdommen, og han kjem av ein bakterie som kan bli overført gjennom flåttbit. Kvart år blir det meldt om 300 tilfelle av Lyme borreliose i Noreg, og dei som har blitt smitta, har fått sjukdomsteikn som er alvorlege i ulik grad. Dei fleste tilfella blir melde frå Aust- og Vest-Agder, Telemark og Vestfold. Sjukdommen skal behandlast med antibiotika, og det finst ingen vaksine mot borreliose.

Den andre sjukdommen flåtten kan bere med seg, er skogflåttencefalitt, som kjem av eit virus (TBE-viruset) og kan gi alvorleg sjukdom i form av hjernebetennelse. Denne sjukdommen er svært sjeldan i Noreg, og dei siste fem åra har det berre vore meldt 1–13 tilfelle årleg til Folkehelseinstituttet. 2007 var det første året det blei meldt meir enn 10 tilfelle. Til no er det berre meldt om personar som er smitta i Aust- og Vest-Agder, Telemark og Vestfold.

TBE-vaksinen

Det finst ein vaksine mot skogflåttencefalitt (TBE-vaksine). Vaksinen blir tilrådd til personar som skal vere mykje ute i skog og mark (til dømes orienteringsløparar, skogsarbeidarar og personar som skal gå fottur eller liggje i telt) i land der sjukdommen er vanleg. Til no har det ikkje vore grunnlag for å tilråde vaksine mot skogflåttencefalitt i noko område i Noreg. Tilrådinga er likevel under revurdering sidan det var nokre fleire tilfelle her i landet i 2007 enn tidlegare.

(Kjelde: Folkehelseinstituttet)

Hodelus

Hovudlus (Pediculus capitis) forsvinn normalt ikkje av seg sjølve dersom dei først har busett seg i håret ditt: Dei må drepast med lusemiddel eller fjernast ved hyppig kjemming. Det er berre den personen som har lus, som skal behandlast med lusemiddel. Alle kan få hovudlus uansett alder og hårtype. Foreldre bør undersøkje barna minst éin gong i månaden.

Korleis ser hovudlus og egg ut?

Hovudlusa har ei langstrekt kroppsform og er 2–3 mm lang som vaksen. Dei tre beinpara har krumme føter med klør som er eigna til å gripe tak i hårstrå. Lusa har lêraktig, gråleg hud, men fargen kan variere noko. Huda på ryggsida er gjennomsiktig slik at dei indre organa og den blodraude magen viser. Nymfene liknar vaksne lus, men dei er mindre og har lysare farge. Dei minste nymfene er 1 millimeter lange.

Egga er 0,3 millimeter breie og 0,8 millimeter lange, og dei er godt festa til hårstråa. Dei er gulkvite og gjennomsiktige når dei har innhald, og dei har eit lok som dett av når eggja klekkjer. Vi kan kjenne igjen tomme eggeskal på at dei manglar lok og er papiraktig kvite. Egg som er drepne med insektmiddel, beheld loket og får med tida ein brunleg farge når innhaldet tørkar inn. Vi kan sjå eggja med berre auget, men for å sjå detaljar er det best med lupe.

Korleis lever og utviklar lusa seg?

Hovudlusa held til i håra på hovudet. I dei fleste tilfella er lusemengda per hovud 1–10 lus, 11–100 lus er også vanleg, men det er sjeldan over 100 lus. Berre i tilfelle med ekstra stor lusebestand kan lusa finnast i hår andre stader på kroppen. Utviklingsstadia til hovudlusa er egg, tre ungestadium (nymfer), og vaksne hann- og holus. Ei vaksen holus lever i om lag 25 døgn, og på denne tida legg ho rundt 90 egg. Egga klekkjer etter om lag 8 døgn, og på dei neste 9–12 dagane skiftar nymfene hud tre gonger før dei blir vaksne. Når holusa har vore vaksen i 1–2 døgn, begynner ho å leggje egg.

Utviklingstida for ein generasjon frå egg til egg blir då på om lag tre veker. Hovudlus syg blod minst fem gonger i døgnet. Ved 30 gradar vil lusa døy innan eitt døgn utan mat, og ved 23 gradar døyr ho innan to døgn. Alt etter eitt døgn utan mat ved vanleg romtemperatur vil hovudlusa vere så svekt at ho ikkje klarer å suge blod, og ho vil derfor vere dødsdømd.

Korleis smittar lus?

Smitte skjer ved at lus, oftast vaksne lus, kryp frå ein person til ein annan når ein legg hovuda inntil kvarandre. Det er liten sjanse for at lus smittar via nakkeputer, møblar, kosedyr og klede. Det blir likevel ikkje tilrådd å låne lue eller anna hovudplagg av ein som har lus.

Eit lusetilfelle er sjeldan isolert. Nære venner kan ha ein felles lusebestand og smitte einannan gjentekne gonger. Både vaksne og barn kan få hovudlus, men det er stort sett barn i alderen 4–12 år som blir smitta. Ein kan få lus uansett kva hårtype ein har.

Korleis oppdage hovudlus?

Hovudlus held hovudsakleg til i nakken, særleg i området bak øyra og oppover mot issen, men dei finst ofte andre stader på hovudet òg. Lusa syg blod, og etter kvart vil hovudbotnen klø som ei følgje av ein allergisk reaksjon på bita.

Det er foreldra si oppgåve å undersøkje barna for hovudlus, og barna bør undersøkjast minst éin gong i månaden – gjerne kvar veke. Lusesjekken blir gjort ved å kjemme med ein fintinda kam i fuktig eller tørt hår. Vi tilrår at ein fuktar håret. Det fuktige håret hemmar rørslene til lusa, og det er vanskelegare for dei å smette unna og inn i kjemde delar av håret slik at vi ikkje ser dei. Somme føretrekkjer å gjere lusesjekken i tørt hår. Lusa rører seg i tørt hår, og dei kan derfor vere lettare å få auge på – i alle fall dersom dei er mange. Det er ikkje så viktig om håret er vått eller tørt: Det viktigaste er at ein sjekkar for hovudlus. Legg eit kvitt handkle over skuldrene når du kjemmer, og sjekk både handkleet og kammen for lus og egg. Om du kjemmer i vått hår, kan du tørke av kammen på eit papir. Eventuelle lus vil då tørke på nokre minutt, og ein kan sjå at dei rører seg.

Ofte oppdagar ein egga først. Egga sit så godt fast i håret at hårstrået gjerne ryk når ein kjemmer håret, og egget følgjer med. Uklekte egg sit normalt opptil 1 cm frå hovudbotnen, men kan også i ein del tilfelle sitje lengre ute på hårstrået. Klekte og døde egg sit lenger ute på hårstrået som følgje av at håret veks.

Dersom ein oppdagar hovudlus på barn i barnehagen eller på skulen, er det ikkje nødvendig å sende barnet heim, for barnet har truleg hatt lus i lang tid. Ein kan eventuelt setje eit skaut eller anna hovudplagg på barnet for å hindre at det smittar andre. Når barnet kjem heim, skal ein helst gjennomføre den første delen av behandlinga den same kvelden/natta. Barnet kan gå i barnehagen eller på skulen som normalt etter at den første behandlinga er gjennomført. Det er viktig å informere barnehagen eller skulen og vennekrinsen om at barnet har hovudlus, slik at dei andre barna òg kan sjekkast for lus, og at ein unngår at barnet blir smitta igjen.

(Kjelde: Folkehelseinstituttet.
Dette er utdrag frå ein lengre tekst som du finn på Folkehelseinstituttet sine nettsider.)

Stikkveps og humler

Vepsestikk

Vepsestikk er smertefullt, men det er sjeldan farleg sidan det berre blir gitt ut små mengder gift i eit stikk. Over 50 stikk kan vere livstruande for ein vaksen person, men det er døme på folk som har overlevd 200 stikk. Det er spesielt alvorleg å bli stukken i munnen eller i halsen fordi slimhinnene der kan hovne opp og gi problem med å puste.

Nokre få menneske kan bli svært sjuke av berre eitt vepsestikk uansett kor på kroppen dei blir stukne. Slike personar er overkjenslege for eitt eller fleire av stoffa i gifta.

Vi kan behandle eit ukomplisert stikk med smertestillande middel og allergimiddel (antihistamin), som vi kan kjøpe på apoteket. Om vi får større hevelsar, kan vi supplere med eit middel som inneheld kortikosteroid.

Dei som er overallergiske mot vepsestikk, bør alltid ha motgift (adrenalinsprøyte) lett tilgjengeleg i lomma på sommartid. Slike sprøyter får ein på resept, og ein må setje sprøyta like etter eit stikk for å unngå allergisjokk (anafylaktisk sjokk). Ein person som får allergisjokk, kan bli medvitslaus etter få minutt, og halvparten av personane som ikkje overlever, døyr innan ein halv time etter stikket.

Dei seinare åra har éin til to personar døydd kvart år i Noreg som følgje av allergisjokk etter vepsestikk. Typisk historikk er ein person over 50 år som har hatt aukande problem med vepsestikk opp gjennom åra. Dersom ein person som blir stukken, blir bleik, svimmel, kvalm, får kraftig utslett og så vidare, bør ein straks oppsøkje lege.

Humler

Humlene er fredelege insekt som gjer stor nytte med å pollinere planter, men om dei blir plaga, kan dei stikke som bier og vepsar.

Humlestikk

Hoene og arbeidarane har stikkebrodd, men hannane manglar dette. Stikkbrodden er glatt, så ei humle kan, i motsetning til ei honningbie, stikke fleire gonger. Enkelte seier at humla «brenner», men faktum er at stikk av humle, bie og veps vil opplevast ganske likt. Humlene er veldig fredelege dyr, og dei stikk derfor berre dersom dei er direkte trua, dersom nokon øydelegg bolet deira, eller om ein ved eit uhell klemmer dei. Humlestikk er derfor langt sjeldnare enn vepse- og biestikk.

(Kilde: Folkehelseinstituttet. Dette er utdrag frå lengre fagtekstar du kan lese på Folkehelseinstituttet sine sider om du ønskjer det.)

Folkehelseinstituttet - om veps, bier og humler

Makk (barnemakk) / spolmakk

Barnet kan komme tilbake til barnehagen etter at behandlinga er sett i gang. Det er ikkje grunnlag for å behandle alle barna i ein barnehage om det er påvist eit enkelttilfelle hos eitt barnehagebarn.

Ringorm

Barnet kan komme tilbake til barnehagen dagen etter at behandlinga er sett i gang.

Skabb

Barnet kan komme tilbake til barnehagen dagen etter at behandlinga er sett i gang.

(Kjelde: Folkehelseinstituttet)

Dyr kan også vere årsak til skade hos barn.

  • Fallskadar. Fall frå hest er det vanlegaste og kan vere alvorleg. Er du usikker på om skaden er alvorleg, bør du ringje 113.
  • Bit. Når barn leikar med dyr, er det alltid ein fare for at barnet blir bite. Det vanlegaste er at barn blir bitne av hund eller katt, men også andre dyr kan bite. Er barnet bite, bør du
    • trøyste barnet – eit dyrebit kan opplevast ganske skremmande
    • vaske overflatiske sår med såpe og reinsemiddel
    • gjerne smørje på bakteriedrepande salve og dekkje til såret, slik at det ikkje kjem bakteriar inn det
    • alltid ringje lege eller 113

Utfordringar til deg

  1. Kva veit du om allergi knytt til kontakt med dyr og insekt?
  2. Fordjuping: Bruk sidene til Norges Astma- og Allergiforbund til å skaffe deg meir kunnskap om allergi mot dyr. Ta notat.
  3. Kva veit du om flått?
  4. Fordjuping: Bruk Folkehelseinstituttet sine sider til å skaffe deg meir kunnskap om flått.
  5. Kva gjer du dersom du oppdagar lus i barnehagen?
  6. På nettsidene til Folkehelseinstituttet kan du finne faktastoff om ei rekkje skadedyr. Gjer deg kjend med desse sidene.

Læringsressursar

Helse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Omgangssjuke»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Spiseforstyrrelser er arvelige»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff